Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Emballering og klargjøringChevronRight
  4. OpphavsmerkingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Opphavsmerking

Krav om opphavsmerking finn vi i ulike regelsett.

FooterHeaderIconFooter iconLK06
Store pakker på transportbånd. foto.

Merking av beskytta produktnamn

Frukt og grønsaker skal vere merkte med varenemningar og opphavsland. På eple, plommer, kirsebær og jordbær skal det i tillegg vere opplysningar om sortsnamn. Storfekjøt skal merkjast med opphavsland.

«Beskytta opphavsnemning» gjer det mogleg å beskytte bestemte produktnamn på matvarer som har eit spesielt geografisk opphav eller særpreg eller ein spesiell tradisjon. Økologisk tjukkmjølk frå Røros var det første produktet som fekk bruke dette merket.

Opphavsmerking av handelsvarer

Den indre marknaden i EU fungerer som ein tollunion. Dette betyr at alle varer som er produserte i EU, kan eksporterast og importerast tollfritt. Ofte er det slik at komponentane til eit produkt er produserte i Asia og sluttmontert i eit EU-land. Spørsmålet blir då om eit slikt produkt er produsert i EU eller i Asia.

For at varene i slike tilfelle skal kunne merkjast med europeisk opphav, må tilleggsverdien som vara oppnår ved samanstillinga i Europa, utgjere ein minstedel av den totale salsprisen. Om ikkje må det betalast toll. Produsentane må derfor fylle ut eit opphavsbevis eller ei fakturaerklæring der dei avgir ei erklæring om opphavslandet, når dei eksporterer varene sine til utlandet.

Dokument. foto.
Eksempel på del av eit opphavsbevis.
Sist oppdatert 16.01.2019
Tekst: Gunnar Ottesen (CC BY-SA)
Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS

Læringsressursar

Emballering og klargjøring

MenuBook

Fagstoff

MenuBook

Oppgåver og aktivitetar

MenuBook

Vurderingsressurs