Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Godshandtering og passasjerbehandling på terminalarChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Godshandtering og passasjerbehandling på terminalar

I dette målet lærer du korleis du handterer gods på godsterminalar og passasjerar på passasjerterminalar. Vi behandlar godsterminalar først, deretter passasjerterminalar.

Ein godsterminaler eit anlegg for sortering av gods på veg frå avsendarar til mottakarar. Ein passasjerterminaler eit anlegg der passasjerar går på, av eller byttar transportmiddel.

Vi handterer gods på samlastterminalar, hamneterminalar, flyfraktterminalar og jernbaneterminalar. Vi betener passasjerar på terminalar der passasjerar byttar transportmiddel. Ved korte reiser betener passasjerane stort sett seg sjølv. Også for lange reiser blir sjølvbeteningsløysingar i stor grad praktisert ved terminalane. Somme handlingar blir fortsatt utførte ved direkte kontakt mellom kundane og transportmedarbeidarane.

På samlastterminalar består godset som regel av mange småpakker frå mange avsendarar til mange mottakarar, mens gods på havne- og jernbaneterminalar ofte består av heile konteinarar. Gods som skal med fly, er som regel post og mindre ekspresspakker. Men også her finn vi konteinartransportar, blant anna for ferske sjømatprodukt som skal sendast frå Europa til Asia.

Handtering av gods inneber i dag bruk av hjelpemidlar som truckar, hydrauliske lastelemmar, kraner, portar med værtetting på terminalane, automatiske sorteringsanlegg på dei største terminalane, skannarutstyr, sporingsutstyr med meir. Enkelte hjelpemidlar må du kunne handtere, andre må du forstå korleis fungerer. Enkelte krev eit serskilt sertifikat, andre ikkje. I dette læringsmålet behandlar vi ikkje hjelpemidlar som krev sertifikat. Derimot tar vi for oss kva du må gjere for å opptre korrekt i forhold til loven og i forhold til kundane.

Læringsressursar

Godshandtering og passasjerbehandling på terminalar