1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. TrafikktryggleikChevronRight
  4. RisikoakseptChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Risikoaksept

Somme menneske søkjer risiko og er det vi kallar risikotakarar, medan andre avstår frå å ta risiko og blir tryggleikssøkjarar. Dei fleste er ein stad midt imellom. Vi skal no sjå litt på kva dette betyr for gjennomføringa av transportoppdrag.

Noen er risikotakere
Noen er risikotakere

Også yrkesutøvarar kan gjere bevisste val som kan gå ut over tryggleiken. Dei tek ein risiko. Med risiko meiner vi sannsynet for ei uønskt hending og konsekvensane det får.

Tenk deg at eit kolli skal fraktast over ein kort avstand. Somme vil då rekne sannsynet for at uhell skal skje, som lite. Men om det er noko spesielt verdifullt i kolliet, vil det likevel bli sikra, då eit uhell vil ha store konsekvensar.

Pilotar som vel å lande under dårlege tilhøve, skipskapteinar som vel å segle som planlagt trass i at vêret tilseier noko anna, eller yrkessjåførar som lèt vere å leggje på kjetting fordi dei berre skal køyre eit lite stykke, er alle døme på personar som gjer risikovurderingar som kan slå feil. Her er det den menneskelege faktoren som speler inn.

Læringsressursar

Trafikktryggleik

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs