1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. ForsikringChevronRight
  4. TrafikkforsikringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Trafikkforsikring

Her lærer du om den lovpålagde trafikkforsikringa som sikrar at alle som blir påført skade av ei motorvogn, får erstatning.

Motorvogneiere som ikke har betalt slik forsikring, vil få motorvognen avskiltet.
Motorvogneiere som ikke har betalt slik forsikring, vil få motorvognen avskiltet.

Alle motorvogner er rekna somfarlege reiskapar fordi dei kangjere skade på andre sin eigedom eller ta liv. Myndigheitene har bestemt at alle som blir påført skade eller tap frå ei motorvogn, skal ha erstatning. For å finansiere erstatningar frå motorvognulykker må alle motorvogneigarar betale trafikkforsikring.

Vi finn regelen om trafikkforsikring i Bilansvarsloven sin §15.

Motorvogneigarar som ikkje har betalt slik forsikring, vil få motorvognene sine avskilta. Samstundes risikerer dei sjølv å måtte betale erstatning for trafikkskadar dei påfører andre, sidan dei ikkje har teikna forsikring, og sidan det er lovbestemt at skadelidande skal ha erstatning for slike skadar.

Korleis lova definerer ei motorvogn, står i Bilansvarsloven sin §3.

Den lovbestemte trafikkforsikringa gir erstatning ved skade på andres eigedom eller helse, men berre i svært avgrensa grad på eigen eigedom. Vi kan få erstatning for skade på kleda vi går i og andre vanlege bruksting som vi har på eller med oss som reisegods under ein køyretur, men ikkje for skade på vårt eige køyretøy.

Lenkje til lovdata.no:

Bilansvarslova

Læringsressursar

Forsikring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs