1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. FørstehjelpChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Førstehjelp

Førstehjelp kan du få bruk for overalt – i trafikken, i heimen og på arbeidsplassen. Når menneske treng hjelp, er det nødvendig at vi tør å hjelpe. Her skal vi sjå på ein del prinsipp vi må følgje når vi gir førstehjelp.

To blålys. foto.

ABC-prinsippet

Hovudspørsmåla i livreddande førstehjelp:

  • Air: Har pasienten frie luftvegar?
  • Breat: Kva slags pust har pasienten (normal eller rask)?
  • Circulation: Kva slags hudfarge har pasienten (bleik eller normal)? Bleik farge kan tyde på dårleg blodsirkulasjon.

Prøv å hugse bokstavane ABC og kva dei står for.

Først til ulykkesstad

Sjå føre deg at du er den første som kjem til ulykkesstaden. Etter å ha orientert deg i kaoset prioriterer du kven som skal få hjelp først og sist. Ein person ligg utanfor bilen og jamrar seg, så då veit du at ho har frie luftvegar. Du vel derfor å hjelpe ein person som er inne i bilen. Denne personen er tydelegvis ikkje bevisst, og det første du må gjere, er derfor å sikre frie luftvegar.

Dra hovudet til oppreist stilling og trekk underkjeven fram. Ofte kan du høyre at pasienten gispar i seg luft. Legg bilsetet litt bakover slik at hovudet får stabil posisjon, eller surr hovudet fast til nakkeputa med eit belte eller liknande. Er det andre til stades, kan ein annan halde hovudet oppreist og overvake pasienten. Pustar pasienten greitt, kan han sitje i bilen. I motsett fall må du få han ut for å gi hjarte–lunge-redning. Får du ikkje kontakt med ein som er skadd, kan du prøve å smertestimulere for å sjå om du får ein reaksjon. Klyp for eksempel i overarmen. Sjå, lytt og kjenn etter pust i ti sekund. Viss pusten er normal, overvaker du i eitt minutt til. Må pasienten ut, legg du han i sideleie.

Personen som ligg utanfor bilen og ynkar seg, er den du skal hjelpe no. Det første du gjer, er å nærme deg henne på ein slik måte at ho kan oppdage deg. Bøy deg ned til pasienten og sei gjerne kva du heiter. Spør kva ho heiter. Når du sit ved sida av pasienten, vurderer du også pusten og ansiktsfargen hennar. AMK-sentralen vil ha nytte av desse opplysningane.

Ung mann ligger i sideleie på gulvet. foto.
Sideleie

Menneske som ligg på ryggen og kastar opp, kan bli kvelte. Derfor er det viktig at pasienten ligg slik at oppkast renn ut av munnen og luftvegane blir haldne frie. Sjå filmen «Sideleie» og tren saman med ein annan på korleis de legg ein person i sideleie.

Når du ringjer 113, får du vite kva du skal sjå etter, og kva du skal gjere for å hjelpe pasienten. Pustar ikkje pasienten, får du kanskje beskjed om å starte med hjarte–lunge-redning.

Hjarte–lunge-redning (HLR)

Hjarte–lunge-redning er det same som munn-til-munn-metoden. Det vil seie at ein person som ikkje pustar, får hjelp av deg til å puste, og at hjertekompresjonane held sirkulasjonen i gang slik at alle vitale organ får oksygen. I førstehjelpsskrinet kan du finne ei maske til å leggje over munnen til pasienten. Du kan også bruke ei tøyfille frå skjorta di. Å ikkje ha nokon ting mellom munnen din og munnen til pasienten går også bra. Det er svært liten smittefare knytt til munn-til-munn-metoden.

Mann demonstrerer hjertekompressjon. Foto.
Trykkpunktet ved hjertekompresjon

Når du skal gi hjartekompresjon på vaksne pasientar, finn du trykkpunktet midt på brystkassa. Ta ei hand oppå den andre og press slik at brystkassa blir komprimert om lag 5 centimeter. Det kan ryke eit ribbein eller to, men det er et lite problem samanlikna med det som kan skje om du ikkje komprimerer.

Gjer slik:

  1. Start 30 brystkompresjonar i eit tempo på 100 kompresjonar per minutt. Tempoet er høgare enn mange trur. Kompresjonane skal vere taktfaste og bestemte og gjerast midt i brystkassa, mellom brystvortene.
  2. Sørg for at pasienten har frie luftvegar. Lause tannprotesar (gebiss) må du fjerne. Sit protesane godt fast, kan dei vere der. Bøy hovudet til pasienten bakover og skyv underkjeven fram.
  3. Hald for nasen til pasienten og gi to innblåsingar. Blås til du ser brystkassa hever seg. Kvar innblåsing skal ta om lag eitt sekund.
  4. Repeter 30 kompresjonar og to innblåsingar til det kjem medisinsk personale. (Kjelde: Stiftelsen Norsk Luftambulanse, SNLA)

Sjå filmen «Hjarte–lunge-redning» og legg merke til korleis ei redning blir utførd.

Dame demonstrerer hjertekompressjon på et barn. foto.
På barn bør du unngå å blåse for kraftig.

Er det små barn som treng hjarte–lunge-redning, kan du dekke både munnen og nasen på pasienten med munnen din. Til dei aller minste skal luftmengda du blæs inn, ikkje vere særleg større enn det munnhola til ein vaksen rommar. På spedbarn komprimerer du med berre to fingrar, på større barn bruker du handa. Press inn om lag 1/3 av høgda på brystkassa. Får du det ikkje til med to fingrar, må du bruke handa. Sjå nettsida Førstehjelp. Der finn du mykje nyttig informasjon.

Mc-ulykke

Er det føraren av ein tohjuling som er forulykka, kan du bli nøydd til å trekkje av hjelmen. Viss den forulykka pustar og du får opp visiret på hjelmen, kan hjelmen berre sitje på. Er det nødvendig med hjarte–lunge-redning, må du ta av hjelmen.

Det er best å være to når hjelmen skal tas av. Få en medhjelper til å legge en hånd under nakken på den skadde og løfte litt opp. Du løfter også litt, slik at nakken blir avlastet. Så trekker du forsiktig og vrikker litt slik at hjelmen trekkes av på en skånsom måte. Når hjelmen er av, legger du pasienten ned og vurderer videre tiltak.

Demnostrasjon av å ta MC-hjelmen av etter ulykke. foto.
Den eine støttar nakken, den andre tar tak i hjelmen. Trekk hjelmen ut på båe sider og vipp varsamt fram og tilbake. Pass på at hovudet ikkje fell bakover når hjelmen losnar.

Blødingar

Trafikkulykker kan gi pasienten store opne sår og blødingar. Det same kan klemskadar og skadar som er påførde av gaffeltruck. Du må først lokalisere kvar blødinga kjem frå, og så ta ei tøyfille og trykkje mot det blødande såret. Deretter tar du ein stein eller ein annan hard gjenstand og legg utanpå, før du surrar ein bandasje stramt rundt det heile. Det gjer i denne samanhengen ikkje så mykje om bandasjen ikkje er steril, det ordnar ein lege etterpå. Om mogleg sørgjer du for at det blødande såret blir halde høgt.

Trykkbandasje på blødende sår. foto.
Trykk direkte på såret. Legg først på ein kompress, deretter ein hard gjenstand over såret. Legg ein trykkbandasje rundt.

Forslag til praktiske oppgåver

  1. Gå saman to og to og legg ein klassekamerat i sideleie. Byt på rollene.
  2. Gjennomfør ei hjarte–lunge-redning på ei øvingsdokke.
  3. Gå saman tre og tre og øv på å ta hjelmen av ein mc-førar som er kommen til skade. Ein spelar mc-førar, medan to lirkar av hjelmen.

Ihht importskjema

Læringsressursar

Førstehjelp

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs