1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. LastsikringChevronRight
  4. KjettingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kjetting

Til tyngre kolli som stein, stål og betong (SSB) bruker vi helst kjetting når vi skal sikre lasta. Her skal vi lære litt om kjetting og korleis vi bruker han på ein sikker måte.

Denne langlenkete kjettingen kan ikke brukes.
Denne langlenkja kjettingen kan ikkje brukast.

Til sikring av last blir vanlegvis kortlenkja kjetting nytta. Det vil seie at diameteren av kjettingløkka målt innvendig ikkje er over tre gonger så stor som diameteren av materialet i kjettingløkka. Det står lite om kjettingar i regelverket, men i delen om surringkjettingar i norsk standard EN–12195–3 er det presist skildra. I denne europeiske norma blir det for tømmertransport tillate ein diameter opp til seks gonger diameteren av materialet.

Kjettingen som skal brukast, må vere merkt, for elles veit du ikkje kor mykje han toler. Kjettingen skal ha kvaliteten Grade 80 (8G) eller betre. Grade 100 er betre enn Grade 80.

Viss du klikkar på lenkja om surrekjetting i margen, får du sjå ein belastingstabell for kjetting.

Når du skal kontrollere om ein kjetting er overbelasta, bruker du ein tolk. Ein tolk er ein metallbit som du bruker for å måle kjettingløkka innvendig. Tolken kan også fungere som merkjebrikke. Går han ikkje inn på tvers, er kjettingen overbelasta. Går han inn på langs, tyder det òg på at kjettingen har vore overbelasta. Du skal også sjekke at ikkje løkkene er deformerte eller har sprekker, og at slitasjen ikkje er for stor.

Merkinga skal òg vere på plass, og vanlegvis står ho på eit metallskilt som er fest i nærleiken av enden. Når kjettingen ikkje er i bruk, bør han lagrast tørt.

Strammaren består av ein skrue og ei mutterhylse. Når desse er i bruk og blir utsette for vêr og vind, kan dei ruste og bli trege. Ha derfor litt smørjemiddel tilgjengeleg, slik at du kan smørje skruen ein gong iblant. Då vil utstyret bli lettare å jobbe med. Det er viktig at strammaren passar til kjettingdimensjonen. Bruk berre utstyr som passar saman.

Det same varsemdkravet gjeld når du bruker kjetting, som når du bruker surreband av fiber. Legg noko over skarpe kantar og etterstram når du har køyrt ei tid.

Lenkje

Surrekjetting

Kjettingstrammeren er ofte en strekkfisk.
Kjettingstrammaren er ofte ein strekkfisk.

Læringsressursar

Lastsikring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs