1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. LastsikringChevronRight
  4. Reglar for lastsikring på tog, båt og flyChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Reglar for lastsikring på tog, båt og fly

Hovudregelen for all lastsikring er at lasta skal sitje fast. Vi skal no sjå på reglane for forsvarleg sikring av last på tog, båt og i fly.

Godstog som har sporet av. foto.

Bakgrunn

Regelverket for sikring av last er grunna i dei fysiske lovene og anslag om kor store krefter som kan oppstå på transportmiddelet.

Tog

Tenk deg gods på ei jernbanevogn som treffer ei anna vogn. Endringa i farten blir svært stor på kort tid, og kreftene som skal halde att godset, blir enormt store.

Båt

Eit skip i høge bølgjer vil rulle eller stampe – det rullar sidevegs og stampar når det går mot bølgjene. Desse kreftene er sterke og verkar også inn på lasta. På sjø kan krava til sikring vere ulik alt etter kva fartsområde lasta skal transporterast i. Til dømes kan Nordsjøen, Austersjøen og Atlanterhavet ha ulike reglar og krav. Skal transporten gå gjennom flere fartsområde, må ein sikre etter dei strengaste krava.

Fly

I Noreg blir lasta i fly sikra etter dei reglane som er gitt i forskrift om transport av gods i luftfartøy og regelverk for norsk sivil luftfart. Sjå lenkja i margen. Lasta ligg ofte i igloar, små konteinarar, som er tilpassa flytypen, og igloane blir så låste fast i flyet.

Lenkjer

Forskrift om transport av gods i luftfartøy

Regelverk for norsk sivil luftfart

Sikring av last på konteinerskip (engelsk)

Læringsressursar

Lastsikring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs