Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BransjelæreChevronRight
  4. YrkesetikkChevronRight
  5. Normer for ærlegdomChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Normer for ærlegdom

All næringsverksemd er basert på tillit mellom partane. Her lærer du kva som kan bli konsekvensane dersom nokon prøver å misbruke eit tillitsforhold til eiga vinning.

Statue av Justitsia med bind for øynene, sverd i en hånd og vekt med to vektskåler i den andre.. Foto.
Justitia - statue som personifiserer lov og rettferd.

Reieleg oppførsel

Transport- og logistikkbedrifter er heilt avhengige av å bli oppfatta som reielege bedrifter – elles får dei ikkje oppdrag. Reieleg oppførsel i forretningsforhold er så viktig for samfunnet at styresmaktene har valt å lovregulere plikta til å opptre reieleg gjennom avtalelova.

Avtalelova § 33

«Selv om en viljeserklæring ellers maatte ansees for gyldig, binder den ikke den, som har avgit den, hvis det paa grund av omstændigheter, som forelaa, da den anden part fik kundskap om erklæringen, og som det maa antages, at han kjendte til, vilde stride mot redelighet eller god tro, om han gjorde erklæringen gjældende.»

Døme på ureieleg oppførsel

Regelen er frå 1918, og kanskje ikkje så lett å forstå, men eit døme kan kanskje hjelpe?

Ragnar driv ei godstransportbedrift.

Ein dag sel han ein gammal bil til Frank. Ragnar veit at bilen har store manglar, men han seier ikkje noko om det til Frank. Frank betaler for bilen, som han trur er feilfri. I dette tilfellet opptrer Ragnar ureieleg overfor Frank ved å ikkje opplyse om feila. Konsekvensen blir at Frank kan krevje å få avtalen heva.

Etiske retningslinjer

Du skal ikkje berre opptre reieleg og lojalt overfor kundar, men også overfor arbeidsgivaren din. Det kan til dømes bety at du ikkje skal bruke stillinga di til å skaffe deg private fordelar. Her er det ofte vanskeleg å sjå kvar grensa går. Mange arbeidsgivarar har derfor laga skriftlege reglar som dei kallar etiske retningslinjer, der dei trekkjer opp grensene for kva som er akseptabelt i konkrete situasjonar.

Marianne arbeider som innkjøpssjef i ei grossistbedrift. Ho har fleire innkjøparar under seg og har utarbeidd etiske retningslinjer som innkjøparane må halde seg til. Sjå nedanfor.

Etisk retningslinje for innkjøparar

«Vi skal alltid opptre upartisk og rettferdig overfor leverandørane våre. Ingen kan krevje eller motta personlege godtgjersler frå leverandørane. Du skal seie nei takk til gåver eller andre føremoner som kan oppfattast som utilbørlege fordelar knytte til arbeidsforholdet ditt.»

Læringsressursar

Yrkesetikk

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs