Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BransjelæreChevronRight
  4. KundeserviceChevronRight
  5. Service og kundebehandling ved godstransportChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Service og kundebehandling ved godstransport

Fleire aktørar er ofte involverte i ein godstransport. Kvart ledd må utføre sin del av oppdraget profesjonelt for å dekkje behova til kundane. Her er eit døme på kva det kan innebere.

Sjåfør åpner bakluke på lastebil med betjeningspanel. foto.
Godsleveranse med bil.

Bestilling frå nettbutikk

Elisabeth er opplæringsansvarleg i ei bedrift i Tromsø. Ein dag går videokanonen sund. Elisabeth treng raskt ein ny til eit introduksjonskurs for nye yrkessjåførar to dagar seinare. Ho får fullmakt til å kjøpe ein ny videokanon innanfor ei økonomisk ramme på 7000 kr. Videokanonen bestiller ho frå ein nettbutikk i Sandefjord.

Valg av frakttype

For Elisabeth er det avgjerande at pakka blir levert raskt. Ho ber derfor om at nettbutikken sender pakka med Bring som bedriftspakke, ekspress over natta.

Kunden sitt behov

Skal Elisabeth få dekt behovet sitt, må ei kjede av aktivitetar utførast. Krava for å oppfylle kundebehov og ønskje ved godstransport er oversiktlege. Elisabeth blir fornøgd berre ho får
pakka skadefri til avtalt tid.

For å sikre seg har Elisabeth valt eit transportprodukt som dekkjer behovet hennar. Ved å velje bedriftspakke som skal sendast som ekspress over natta, oppnår ho at

  • pakka blir send med tidsgaranti
  • pakka er forsikra for 50 000 kroner om ho skulle bli skadd under transport
  • pakka blir levert på døra til bedrifta der ho arbeider
  • pakka blir send som registrert pakke med sendingsnummer slik at ho kan spore henne undervegs

Lenkje til informasjon om "Bedrift til bedrift i Norge" frå bring.no.

Levering til kunde

Den eineste gongen Elisabeth er i fysisk kontakt med godstransportøren, er når distribusjonssjåføren leverer pakka på døra og ho må kvittere for mottaket. Då er det viktig at distribusjonssjåføren er korrekt kledd og opptrer høfleg i møte med Elisabeth.

Uventa hendingar

Også under godstransport kan det skje uventa hendingar slik at godset ikkje kan leverast som avtalt. Då gjeld det på nytt at kundane må få informasjon om avvika så tidleg som mogleg.

Lenkje til Vegtrafikklova hos lovdata.no.

Læringsressursar

Kundeservice