Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BransjelæreChevronRight
  4. Utfordringar for ekom-tenesterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Utfordringar for ekom-tenester

Ein ekom-tilbydar er ein som tilbyr andre tilgang til eit elektronisk kommunikasjonsnett eller ei kommunikasjonsteneste. Her skal vi sjå på dei utfordringane desse tilbydarane står overfor.

Mange ledninger koblet til datasentral. foto.

Ekom-tilbydar

Ekom-lova definerer ein ekom-tilbydar som «enhver fysisk eller juridisk person som tilbyr andre tilgang til elektronisk kommunikasjonsnett eller -tjeneste».

Utviklinga av digitaliseringsteknologi har gjort at både it-, tele- og kringkastingssektorane i dag byggjer på same teknologi. Tradisjonelle tele- og kringkastingstenester blir framleis overførte over lukka nett som bruker eige tenesteutstyr (nodar, sentralar, serverar). Årsaka er at det har utvikla seg ulike kommunikasjonsprotokollar i samband med framvoksteren av dei enkelte tenestene.

Internettprotokollane

Gjennom fleire tiår har ein freista å utvikle eit fellesnett som kan formidle alle typar av elektronisk informasjon. Internettprotokollane (IP) har gjort dette mogleg. I dag kan derfor all infrastruktur bli nytta som overføringssamband (jordbunde kabelnett eller trådlause satellittsamband). IP-protokollane er baserte på overføring av data ved hjelp av pakkesvitsjing. Tradisjonelt har denne metoden blitt nytta i nett for dataoverføring.

Linjesvitsjing og pakkesvitsjing

Den vanlegaste måten å transportere telesignal på, er linjesvitsjing. Det blir då etablert eit samband mellom sendar og mottakar på reserverte kanalar.

Ved pakkesvitsjing blir informasjonen overført i pakkar som blir mellomlagra i kortare eller lengre tid for kvart knutepunkt (kvar node) som blir passert. Datapakkane som høyrer til ein gitt informasjonspakke, får ulik transporttid gjennom nettet.

Fordelen med pakkesvitsjing er at slik transport krev mindre overføringskapasitet. Ulempa ved pakkesvitsjing er at han gir lågare tenestekvalitet for sanntidstenester. Dette merkar vi ved at informasjonsoverføringa i periodar med høg trafikk på nettet går treigare enn normalt.

Distribusjonskanal i framtida

Vi kan i dag sjå at internettprotokollane i stadig større grad blir tekne i bruk som plattform for tilbod av ulike digitale tenester. Somme ser derfor føre seg at Internett på litt sikt kan bli den dominerande distribusjonskanalen for teletenester, kringkasting og andre ekom-tenester.

Lenkje til Ekomlova hos Lovdata.

Læringsressursar

Bransjelære

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Jernbanenettet og korleis det heile starta

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Innanlands sjøtransport – slik starta det

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Starten på lufttransporten

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kommunal samferdselspolitikk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Luftfart (interaktiv oppgåve)

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff