Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. SalsprosessenChevronRight
  4. SalskompetanseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Salskompetanse

I tillegg til å ha kompetanse i salsteknikk må seljarar ha kunnskapar om produkta, målgruppene, bransjen, konkurrentane og forbrukarrettane.

Vareutsalg på bondegård. Bonde og kunde. Foto.

Produktkunnskap

Som seljarar av reiselivsprodukt må vi vere budde på å møte kundar som kjenner godt til både våre og konkurrentane sine produkt og prisar. Dei fleste som etterspør eit reiselivsprodukt, har orientert seg om tilboda på Internett før dei tek kontakt.

God produktkunnskap er første vilkåret for å kunne selje. Vi må kunne skildre produktkjernen – transport, overnatting, servering, attraksjon, og vi må kjenne godt til kva tilleggsytingar som er tilgjengelege.

Vi kan skaffe oss kunnskapane gjennom skriftleg informasjon om produktet i katalogar, på Internett og så vidare, ved å snakke med erfarne kollegaer og ved å gjere eigne erfaringar.

Målgruppekunnskap

Kva målgrupper prøver vi å selje til? Det held ikkje med ei overordna skildring, til dømes at vi sel til forbrukarar eller yrkesreisande. Vi må kunne skildre målgruppene meir presist. Kva kjenneteiknar dei? Korleis finn vi dei?

Bransjekunnskap

Reiselivsnæringa består av mange vidt forskjellige bransjar og produkt. Reiselivsmedarbeidarar bør ha kunnskap om breidda i næringa, om aktørane, produkttypane og organisasjonane. Dei må også kjenne godt til kva lover, reglar og sedvane (kutyme) som gjeld for bransjen.

Konkurrentar

Kunnskap om konkurrerande tilbod gjer det mogleg å samanlikne eigne produkt med produkta til konkurrentane. Mange turoperatørar sel pakkereiser til dei same hotella, men tilleggsytingane (som havutsikt, utflukter, servering og leigebil) kan variere. Det er greitt å vite korleis vårt eige produkt ligg an både med omsyn til ytingar og pris.

Alle seljarar må drillast i å ha ei bevisst nøytral haldning til konkurrentar. Vi konsentrerer oss om å selje våre eigne produkt. Vi snakkar aldri stygt om konkurrentar!

Forbrukarrettar

Seljarar møter forbrukarar som kan ha god oversikt over rettane sine. Mange forbrukarar stoler ikkje på seljarar. Undersøkingar viser at forbrukarar har liten tillit til dei kunnskapane seljarane har om forbrukarrettar.

Som seljar må du kjenne forbrukerkjøpslova. Alle som sel pakkereiser, må kjenne pakkereiselova og Reisegarantifondet. Alle som arbeider i restaurant, må ha kunnskap om blant anna krav til hygiene og reglar for alkoholservering.

Læringsressursar

Salsprosessen