Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. SikkerheitChevronRight
  4. RanChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ran

Her skal vi seie litt om ran, kva som kan framkalle ei slik handling, og litt om førebyggjande tiltak.

Mann med pistol truer en kvinne. Overfall. Foto.

Ran

Mange menneske opplever det som svært traumatisk å bli rana, og mange ber ei slik oppleving med seg resten av livet.

Reiselivsnæringa er ikkje skåna for denne typen kriminelle handlingar, og både hotell, attraksjonar, tilsette og gjester kan bli utsette for ran. Det varierer mykje kor sannsynleg det er at vi blir rana. Risikoen er sannsynlegvis større på sentralbanestasjonen i Oslo enn i Longyearbyen på Svalbard.

Som vertskap både her heime og i utlandet bør vi gjere oss kjende med korleis situasjonen er når det gjeld slike hendingar i det området der vi arbeider.

Terskelen for å vere valdeleg under ran kan vere svært forskjellig frå ranar til ranar, og det er derfor viktig å ha gode rutinar for korleis vi skal førebyggje ran, eventuelt te oss under eit ran, og ha beredskapsplanar for kva vi skal gjere etter eit ran.

Ran er truslar som framkallar frykt, som fører til urettmessig vinning. Dette vil i klartekst seie at ranaren må kome med ein trussel før han får med seg verdiane han ikkje har rett på, for at det skal definerast som eit ran.

Førebygging av ran

Her er nokre punkt som kan vere nyttige:

  • Uvedkommande skal ikkje ha innsyn i tryggingsrutinane i bedrifta. Informasjon om tryggleiken i bedrifta er ikkje meint for andre enn dei tilsette, og han er ofte verna av teieplikt i arbeidsreglementet. Teieplikta gjeld også storleiken på kontantbeløp som er innom kassapunktet på ein dag.
  • Vi må ha instruksar om
  • kvar vi skal telje pengane med tanke på innsyn
  • kven som får bevege seg kvar i lokala – kvar det er inngang forbode for andre enn dei tilsette i administrasjonen
  • korleis vi handterer kassabehaldninga. Den maksimale storleiken på kassabeløpet bør vere så lågt som mogleg. Om mogleg bør vi ha ein droppsafe, eller leggje overskytande pengar i ein mellombels safe til vi tek oppteljing når vakta er slutt.
  • kameraovervaking med svært synleg merking (lovpålagt)
  • ransalarm med synleg merking
  • låsing av inngangen etter eit gitt tidspunkt på kvelden
  • god kundebehandling for å avdekkje personar som er inne for å spane i lokala
  • transport av pengar. Dersom vi gjer det sjølve, må vi transportere pengane til ulike tidspunkt, med forskjellig køyremønster, ulike køyretøy og ulike personar.

Oppførsel under eit ran

  • Ikkje spel helt, sjølv barneranarar kan ty til vald.
  • Prøv å vere roleg.
  • Følg instruksane frå ranaren, ikkje lyg for ranaren.
  • Prøv å observere ranaren, fokuser på nokre punkt som kan gi signalement på ranaren.
  • Tenk på din eigen tryggleik og på tryggleiken til andre menneske rundt deg.
  • Løys ut ransalarmen først når du er sikker på at ranaren ikkje får med seg at du gjer det.

Etter eit ran

  • Ta hand om skadde personar.
  • Varsle politiet.
  • Varsle leiinga.
  • Varsle andre personar i lokala.
  • Sikre eventuelle tekniske spor dersom dei finst. Ikkje rør!
  • Noter ned namn på vitne, oppfordre dei til å vente til politiet kjem.
  • Noter ned signalement på raner. Ikkje diskuter signalement med andre vitne.
  • Møt politiet.
  • Ikkje snakk med media.
  • Unngå å vere åleine same kvelden som hendinga.
  • Leiinga tek hand om tilsette når dei kjem til åstaden.
  • Ta til i arbeidet att så snart som råd. Å vente nokre dagar med å gå tilbake til arbeidet kan forverre den mentale reaksjonen.

Når gjester blir rana

Dersom ein gjest opplever å bli rana, bør vi rettleie og støtte han eller henne i fasen rett etter ranet. Gjestene forventar å få hjelp også i slike situasjonar, og dei er i ein svært sårbar situasjon. Det kan vere rett å varsle leiinga så dei kan vurdere kva som skal gjerast.

Det er gjesten som må melde forholdet til politiet, sidan det er gjesten som er fornærma i saka, men vi kan hjelpe til med det praktiske. Lag gjerne ein liten instruks for slike situasjonar, slik at vi er sikre på kva vi kan og ikkje kan gjere. Ein slik instruks kan sjå slik ut:

Dersom nokon blir rana, skal du:

  • forsikre deg om at gjesten ikkje er fysisk skadd, tilkall eventuelt ambulanse
  • hjelpe gjesten med å varsle politiet
  • hjelpe gjesten med å varsle bank, forsikringsselskap, reiseselskap og liknande
  • hjelpe gjesten med praktiske gjeremål
  • varsle leiinga
  • Har ranet skjedd i eigne lokale, bør du
    − sikre spor
    − ikkje sleppe inn media
    − møte politiet

Læringsressursar

Sikkerheit

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Tjuveri

  • SubjectMaterialFagstoff

    Derfor er førstehjelp viktig

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Undersøking

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Framandlekamar i luftvegane

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Akutte sjukdommar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Forgiftingar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Emosjonell førstehjelp

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Konsekvensar av brann

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Meir om sløkkemiddel

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter