Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Kulturelle særtrekkChevronRight
  4. Kultur som kjelde til konfliktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kultur som kjelde til konflikt

Når kulturar møtest, kan det oppstå konfliktar. Respekten for kulturen til andre gjeld begge vegar: Gjesten respekterer levemåten i landet han eller ho besøkjer, og vertskapet respekterer gjesten.

Smilende muslimsk kvinne med hijab. Foto.

Kulturkonflikt

Det er alltid ein risiko for misforståingar og konfliktar når to ukjende kulturar møtest. I mange land blir kultur og religion oppfatta som ei og same saka.

Ein vanleg konflikt er at gjestene ikkje respekterer den lokale levemåten i landet dei besøkjer, eller dei krenkjer verdiane til landet.

Andre gonger er det vertskapet som sviktar. Det blir sett på som lite serviceinnstilt, og det kan vere med på å øydeleggje for meir seriøse reiselivsaktørar.

Religion

Religion kan vere eit minefelt. For vertskapet er ikkje religion eit tema, med mindre det er eit ønske frå gjesten sjølv. Mange nasjonalitetar er nysgjerrige på kulturen og religionen vår, og dei vil gjerne vite meir, kanskje også om religionen her i landet. Om gjesten sjølv tek initiativet, er det enklare. Men også då skal du vere medviten og tilbakehalden. La gjesten sjølv velje tema for samtalen. Lytt aktivt til gjesten!

I omgang med gjester frå andre religionar er det ikkje alltid like lett å vite kva som er rett og gale, og kva som er god skikk og bruk. Men pass på at du ikkje uttrykkjer deg negativt om andre religionar. Du skal også vere tilbakehalden med å spøkje med gudstru, religiøse symbol eller religiøse spørsmål.

Prøv å leggje til rette for at gjestene skal kunne praktisere ulike religionar. Treng dei eit stille rom eller ein stad der dei kan be, så hjelpe dei med det og vis respekt.

Hugs: Religion er det viktigaste kulturelle særtrekket!

Tenk over

Somme gonger kan det vere vanskeleg å respektere ein religion eller ein kultur – mest fordi religionen og kulturen er så fjern for oss. Vi veit lite om han. Vi kan vere usamde i sider ved ein religion, haldningar til likestilling mellom kjønna, til homofili, barneoppdraging og så vidare. Men utan nødvendig kunnskap må du som vertskap vere forsiktig med det du seier. Som vert skal du kunne vere i lag med mange ulike menneske og stå fram som ein profesjonell representant for arbeidsplassen.

Mat og tillaging

På hotell og restaurantar bør det også vere tilbod til gjester som har spesielle behov når det gjeld mat. Jødar et berre kosher mat, muslimar unngår svinekjøt, og anna kjøt skal helst vere slakta på ein korrekt halal måte. Vegetarianarar og veganarar har også sine spesielle ønske.

Reiser du til muslimske land som til dømes Dei sameinte arabiske emirata, er det veldig uvanleg at dei sel alkohol på restaurantar og kafear. Det blir berre servert alkohol på restauranten på hotellet.

Læringsressursar

Kulturelle særtrekk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kva vil det seie å vere norsk?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ikkje lenger innvandrar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Generasjon utlending

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ein fellesskap av forskjellar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Intervju med tre juniorspillere på VIF

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Praktiske råd

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva vil det seie å vere norsk?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Ein fellesskap av forskjellar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Minoritetar, kultur og fordommar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff