Hopp til innhald

  1. Home
  2. 1P - Matematikk fellesfagChevronRight
  3. Kart og arbeidsteikningarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kart og arbeidsteikningar

Både kart og arbeidsteikningar er forminska, formlike avbildingar av røyndomen. Vi kan rekne ut avstandar, i luftlinje, i terrenget på grunnlag av avstandar på kartet eller arbeidsteikninga.

Kart

Kompass på kart over Jotunheimen. Foto.

Kartet til høgre viser eit parti frå Jotunheimen.

Kartet har målestokk 1:50 000.

Det tyder at 1 cm på kartet svarar til

1 cm·50 000 = 50 000 cm                =500 m                =0,5 km

i røyndomen.

Ein avstand på 12 cm på kartet svarer då til
12·500 m=6 000 m=6 km i røyndomen.

Motsett vil 15 km i luftlinje i terrenget svare til
15 km50 000=15 30  0 000 cm5 0 000=30 cm på kartet.

Arbeidsteikningar

Ei arbeidsteikning er ei formlik avbilding av til dømes eit hus.

Arbeidsteikninga har ein målestokk. Ved hjelp av dei måla som er gitt på teikninga og målestokken, kan snikkaren rekne ut verkelege mål.

Husteikning med mål og målestokk

Læringsressursar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?