Hopp til innhald

  1. Home
  2. Matematikk for yrkesfaglige programmerChevronRight
  3. Tal og algebraChevronRight
  4. TalrekningChevronRight
  5. Litt om tala si historieChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Litt om tala si historie

Tal har følgt menneska i lang tid.

Teljestrekar, holemåleri og helleristningar viser at menneske som levde for mange tusen år sidan, brukte tal i det daglege livet sitt. Arkeologar har funne teljestrekar som er over 30 000 år gamle. Strekane er systematisk rissa inn og er antakeleg blitt brukte under oppteljing av dagar eller objekt.

Gut som ser på hieroglyfar på ein stein eller vegg. Illustrasjon.
Skjøner du teikna på biletet?

Sivilisasjonen vår oppstod i Mesopotamia, landområda mellom og rundt Eufrat og Tigris (no Irak, nordaustlege Syria og søraustlege Tyrkia), for ca. 5 000 år sidan. Her vart skrivekunsten oppfunnen. Menneska som levde her, brukte kileskrift. Dei skreiv på leirtavler og pressa dei kileforma teikna inn i våt leire. På denne måten førte dei mellom anna rekneskap over den handelen som utvikla seg mellom byane. Egyptarane kjende til kileskrifta, men utvikla sine eigne skriftteikn, hieroglyfane. Utgravingar viser at det på denne tida var menneske som dreiv med addisjon, subtraksjon, multiplikasjon og divisjon.

Seinare laga både grekarane og romarane sine talsystem, men det talsystemet vi bruker i dag, med dei ti symbola 0, 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8 og 9, stammar frå India. I dei tidlegaste kulturane var talet 0 og dei negative tala ikkje kjende. Det var først på 1200-talet at matematikarane byrja å innføre desse tala. Det tok likevel endå fleire hundre år før dei vart fullt ut aksepterte.

Matematikarar diskuterte om negative tal verkeleg eksisterte, og heilt fram mot 1800-talet var det matematikarar som ikkje ville akseptere utrekningar som inneheldt negative tal. Problemet med å forstå negative tal heng saman med at tal ikkje er noko konkret. Tal er abstrakte matematiske omgrep. Vi må knyte tala til noko konkret for å få ei kjensle av å forstå dei.

For oss som har vakse opp med bankvesen og gradestokk, er det lettare å forstå dei negative tala. Vi veit at vi kan kome til å bruke meir pengar enn vi har på konto. På kontoutskrifta frå banken står det då eit tal med minus framfor, og vi skjøner at vi står i gjeld til banken. Vi veit òg at når det er kuldegrader ute, les vi det av som negative tal på gradestokken. Dei negative tala blir då konkrete, og vi føler at vi forstår dei.

Læringsressursar

Talrekning

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter