Hopp til innhald

  1. Home
  2. Samfunnsfag YF Vg2ChevronRight
  3. Politikk og demokratiChevronRight
  4. Politikk er påverknadChevronRight
  5. AksjonskanalenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Aksjonskanalen

30. november 1978 vedtok Stortinget å byggje ut Alta–Kautokeino-vassdraget. Utbygginga ville gå utover rettane til reindriftssamane. Dette førte til ein av dei største sivile ulydnad-aksjonane i moderne tid.

Politiet og demonstrantar under folkeaksjonen mot utbyggjing av Alta-vassdraget i 1980. Foto.
Politi og demonstrantar under folkeaksjonen mot utbyggjing av Alta-vassdraget i 1980.

Aksjonar er ei form for direkte demokrati, slik folkerøystingar også er. Ved å aksjonere kan enkeltpersonar eller grupper rette merksemda mot ei sak for å prøve å påverke politiske avgjerder. Døme på aksjonsformer er demonstrasjonar, boikottar, underskriftsaksjonar, e-postaksjonar og liknande. Mange aksjonar er avgrensa i tid og gjeld berre ei sak. Dei blir kalla . Slike aksjonar er politiske verkemiddel som ein stor del av den norske befolkninga har vore med på å bruke. Grunnen til at så mange deltek i aksjonar, kan vere at dei synest det er lettare å engasjere seg i einskildsaker, og at dei oppfattar det som ein effektiv måte å nå fram med meiningane sine på.

Ikkje-valdelege aksjonar som openbert er i strid med eller på kanten av lova, som er heilt offentlege, og der kvar deltakar er personleg og moralsk overtydd om at dei handlar rett, blir rekna som . Alta-aksjonen, trafikkblokadar, skattestreik og husokkupasjonar er døme på slike aksjonsformer.

Aksjonar og media

For å få merksemd om aksjonen må ein få hjelp frå massemedia. Media spelte ei sentral rolle under Alta-aksjonen. Aksjonen var heilt avhengig av at radio, aviser og TV formidla bodskapen vidare til folk. Aksjonen nådde også ut til utlandet, og dette gav eit auka trykk til aksjonen.

Natur og Ungdom

Natur og Ungdom er ein miljøvernorganisasjon for ungdom. Dei har over 6000 medlemmer fordelte på meir enn 100 lokallag over heile landet. Lokallaga i Natur og Ungdom jobbar med miljøproblem der dei bur. Ein viktig strategi for denne organisasjonen er aksjonar. Dei arrangerer aktivistkurs og har fått utgitt ei eiga aktivisthandbok.

European Social Survey

Ei undersøking som er gjennomførd av European Social Survey i 22 europeiske land, viser at det politiske engasjementet til nordmenn ligg høgt. Vi deltek i boikottar, demonstrerer, er med på underskriftskampanjar og tek kontakt med offentleg tilsette og politikarar i større grad enn andre europearar. Viss vi ser på kven den typisk politisk engasjerte personen er, så er det ein person under 30 år, busett i Oslo og med høg utdanning.

Kjelde: European Social Survey

Læringsressursar

Politikk er påverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?