Hopp til innhald

  1. Home
  2. Praktisk matematikkChevronRight
  3. GeometriChevronRight
  4. Areal og omkrinsChevronRight
  5. TilnærmingsverdiarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tilnærmingsverdiar

Bør vi ta med alle sifra i eit svar, eller bør vi runde av?

Eksempel

Rekn ut arealet av eit rektangel med grunnlinje 3,4 m og høgd 1,7 m.

Løysing
Vi bruker arealformelen og får A=3,4 m·1,7 m=5,78 m2 .

Bør vi ta med alle sifra i svaret her, eller bør vi runde av?

Du hugsar frå måling av lengd at alle målte lengder er usikre. Uvissa ligg i siste siffer. Det tyder at når grunnlinja er målt til 3,4 m, så veit vi berre at lengda ligg mellom 3,35 m og 3,45 m. Høgda ligg tilsvarande mellom 1,65 m og 1,75 m.

Arealet ligg då mellom grensene

A (øvre grense) \

Det mest riktige blir å runde av til 2 siffer

A=3,4 m·1,7 m=5,78 m2=5,8 m2

Det blir for tungvint å rekne på uvisse i alle oppgåver. Difor fører vi inn regelen om talet på gjeldande siffer.

Når vi bruker målte verdiar i utrekningar, tar vi med så mange siffer i svaret som talet på siffer i den målte verdien som er gitt med færrast siffer.

Læringsressursar

Areal og omkrins

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter