Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. ProduksjonsgangenChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Produksjonsgangen

Det er viktig å vite kva som skjer i ein produksjon – frå råstoff til ferdig produkt.

Robotstyrt sveising av biler i en produksjonslinje. foto.

Produskjonsfaktorar

For å produsere ei vare eller teneste treng vi òg nokre grunnleggjande faktorar. Desse kallar vi produksjonsfaktorar, og dei kan delast opp i tre hovuddelar:

  • Arbeidskraft: Det er arbeidsinnsatsen til dei tilsette og eigarane av bedrifta.
  • Realkapital: produksjonsutstyr (maskinar, verktøy) og materiale som blir brukt i produksjonen
  • Kompetanse: fagkompetanse og kunnskapar og produkta ein produserer, som gjer bedrifta i stand til å organisere arbeidskrafta og realkapitalen på ein best mogleg måte

Produksjonsfaktorane blir sette inn i produksjonsprosessen. For å lukkast må ei bedrift satse på tre faktorar: kvalitet, kunnskap og service.

Produksjonsprosessen

Produksjonsprosessen er den organiserte, tilverkande verksemda som skjer inne i bedrifta, og som til slutt blir eit produkt i form av ei vare eller teneste som kundane vil kjøpe.

Produksjonsplanlegging

Før produksjon av produkt og delar skal gjerast, er det viktig at det er laga ein plan for produksjonen. Dette gjeld anten produksjonen skjer i ei lita bedrift eller i ei større industribedrift. Planlegginga dannar grunnlaget for både innkjøp av materiale og delar i tillegg til for bruk av verktøy og maskinar. Dette dannar igjen grunnlag for mellom anna prising av produktet (kalkyle).

Produksjonsgangen – frå råstoff til ferdig produkt

Med verdikrinsløpet i ei bedrift meiner vi den måten bedrifta omdannar innsatsfaktorane, kapital, arbeid og varer til produkt, som igjen gir økonomisk utbytte.

Det vil vere normalt å ta utgangspunkt i kva som skal produserast, når produksjonen skal fastleggjast. Operasjonsrekkjefølgja avheng sjølvsagt av det produktet som skal produserast, og den rekkjefølgja som den produksjonsansvarlege vel å bruke. Dersom ei bedrift framstiller berre eitt produkt og planlegg å gjere det i ein lang periode, vil det som oftast lønne seg å leggje stor omtanke i operasjonsrekkjefølgja og òg montere produksjonsutstyret slik at det i størst mogleg grad tillèt at delane flyt naturleg frå operasjon til operasjon.

Ved særleg stor produksjon av einsarta produkt vil det sannsynlegvis lønne seg å investere i faste transportanlegg (rullebanar, transportband e.l.), som meir eller mindre automatisk overfører delane frå ein operasjon til den neste. Ved kvar maskin- eller operasjonseining er det gjerne ei fast bemanning som er spesialisert på den operasjonen det dreier seg om.

Produksjon etter bestilling

Somme bedrifter er baserte på å produsere eitt og eitt produkt. Som regel vil enkeltstykkproduksjon vere bestillingsarbeid. Planlegginga startar ofte som ei eller fleire skisser av kva som skal produserast. Dersom kjøparen finn at ei av skissene svarer til kva som er forventa, vil den utførande som regel utforme eit skriftleg pristilbod, som baserer seg på ein kalkyle av kva arbeidet medfører av kostnader for materiale, underleveransar, lønn for utført arbeid, forteneste og meirverdiavgift (moms). Det tilbodet som blir utforma, skal innehalde kva tidsramme arbeidet skal utførast innanfor, i tillegg til kva kjøparen til slutt skal betale. Når partane er einige om dette, vil arbeidet kunne ta til. På basis av den avtalte utforminga av arbeidet vil den utførande kunne lage eventuelle teikningar og beskrivingar av utføringa og detaljar.

Ofte vil produktet vere utforma av ein designar med relativt fast oppfatning av korleis form, farge og materialval skal vere. I nokre tilfelle leverer bestillaren, kunden, svært detaljerte beskrivingar av produktet. Skal eit produkt produserast i ei større mengd og delane skal framstillast uavhengig av kvarandre, er det nødvendig å beskrive kvar enkelt del eintydig i tillegg til korleis dei enkelte delane skal passe saman i det ferdige produktet.

Det er svært viktig at den/dei som lagar teikningssetta, og som dermed indirekte fastlegg produksjonsgangen, kjenner produksjonsutstyret og moglegheitene og avgrensingane det har. Særleg viktig er at dei mest kurante materialdimensjonane blir valde, i tillegg til at det blir valt samansetjingsmetodar og omarbeidingsmetodar som stemmer overeins med dei verktøya og maskinane og moglegheitene som bedrifta har elles.

Læringsressursar

Produksjonsgangen

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs

  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Produksjon av en Mercedes E-klasse fra start til slutt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Hvordan Tesla Model S lages

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • ExternalLearningResourceEksterne ressurser

    Audi Electric Motor Engine Factory

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for ekstern læringsressurs.