Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. Forståing av teikningChevronRight
  4. SnittChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Snitt

Når du teiknar riss med mange innvendige konturar, det vil seie holrom, kan det vere nyttig å teikne korleis delen ser ut inni. For å få til det, må vi late som vi kappar bort den delen av produktet som ligg i vegen for at du skal sjå holromma. Ei teikning som dette kallar vi snitt.

Bilde. Viser snitt av en tegnet del. Snitt blir også skravert.
Snitt

Kva er eit snitt?

På bildet over viser vi eit eksempel på teikning med snitt. Her har konstruktøren valt å bruke to ulike snitt. Dette er ikkje nødvendigvis den beste måten å gjere det på. Men la oss først studere eit av desse snitta, så kan vi etterpå sjå på korleis vi kan kombinere desse to snitta i eit snitt over fleire plan.

På hovudrisset (til venstre) ser eit trena auge at der er bora fire hol frå kanten. Desse hola er seinare blitt gjenga. Så er der eit litt større hol som er bora inn i den store flata. For å gjere dette endå tydelegare, kan ein velje å vise eit snitt gjennom senter av hola. Her har konstruktøren derfor teikna ei fin strek-punkt-linje (snittlinje) langs med hola sine senterlinjer, og latt linja gå litt utanfor yttergrensene til delen. I kvar ende av snittlinja teiknar vi ei pil som viser kva for retning vi skal sjå snittet.

For snitt E-E tenkjer vi oss at vi sagar av delen langs linja E-E, og legg vekk det som er til venstre for linja. Når ein ser inn på flata som er att, vil ein nokon stader sjå for seg at materialet er saga over. Dei områda vil ein sjå som skraverte på snitt-teikninga til høgre. Med skravering meiner vi her mange skråstilte linjer tett i tett.

Snitt-teikninga er altså eit riss med skraverte områder der vi har skore bort materiale. Snitt er for å vise ein «tenkt gjennomskoren del», slik at eventuelle uklarheiter blir heilt tydelege. Om gjengar skal gå helt i botn av eit hol, og om botnen er flat eller v-forma kan vere viktige skilnader som avgjer om produktet kan brukast eller om det må skrotast.

Snitt i fleire plan

Når ein ønsker å vise innvendige konturar som ikkje ligg på linje, kan ein teikne snittlinja med vinklar. Då vil ein få ulik “djupn” på snittflata i forhold til den sida ein ser snittet frå. Dette kallar vi snitt over fleire plan.

Bilde. Snitt vist i flere plan. Konstruktør sparer tid og plass.
Snitt i fleire plan

Læringsressursar

Forståing av teikning