Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. HydraulikkChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Hydraulikk

Ordet hydro tyder "væske, noko flytande". Med hydraulikk meiner vi overføring av krefter ved hjelp av væske. Her skal vi avgrense det til å sjå på oljehydraulikk, men det kan òg nyttast andre væsker, til dømes vatn.

Hydrauliker i fabrikklokale.foto.

Hydraulikk er overføring av kraft og rørsle ved hjelp av væske.

Oljehydraulikk er ei kraftform som er mykje brukt i industrien. Hydraulikk er mykje brukt til verktøymaskinar, robotteknikk, anleggsmaskinar og flyteknikk. Den største fordelen med hydraulikk er at mykje kraft kan overførast ved hjelp av relativt små komponentar. Hydraulikken har gode akselerasjonseigenskapar og toler harde miljø.

Symbol og skjemaa er teikna i samsvar med Norsk Standard, NS-ISO 1219-1:2006.

Fordelar og ulemper med hydraulikk

Forskjellen mellom pneumatikk og hydraulikk er ikkje så veldig stor. Hovedforskjellane er at olje, som er drivmediet i hydraulikk, ikkje lèt seg komprimere som luft, som er drivmediet i pneumatikk. Dette gjer at det ikkje blir svingingar i systema som kan oppstå med store mottrykk i pneumatikken. Systema blir derfor òg meir presise. Ein kan i tillegg bruke vesentleg høgare trykk enn i pneumatikken, noko som gir meir kraft. Medan vi i pneumatiske system sender returlufta ut som eksos, må vi i hydrauliske system bruke returslangar som leier oljen tilbake til tanken.

Enheter og definisjoner.
Bar

Enhet for trykk.
Dette er ikke den helt riktige
betegnelsen for trykk, men brukes
mye i fagmiljøet.

Pa

Pascal, SI enhet og den enheten som er
bestemt at skal brukes

1 bar = 100 000 Pa
1 kp/cm^2 = 0,981 bar
1 psi = 0,07 bar
1 bar= 0,1 MPa

Kilopond per cm^2, gammel enhet som
ikke brukes lenger.

Pounds per square inch,
engelsk/amerikansk enhet som brukes
mye ennå.

Atm. (atmosfære) =
1,013 bar

Dette Avviker så lite fra 1 bar, så vi
setter i dette kapittelet, 1 Atm = 1 Bar.

Overtrykk: Bar

Trykk som er over atmosfæretrykket.T¨
rykket som vi leser av på en måler
(manometer).
Vi kan også finne benevnelser som barg
og psig. "g" betyr for gauge, engelsk for
viser eller skala og står for overtrykk.

Absolutt trykk: bara Totalt lufttrykk. Overtrykk + atmosfære-
trykk. a'en betyr absolutt.
Trykket vi bruker når vi gjør beregninger
Vi kan også finne psia.
Lift på saksheis utenfor hus med mange etasjer. foto.
Sakseheis som drives av en hydraulisk eller pneumatisk system

Fordelar:
• store krefter på vanskeleg tilgjengelege stader
• små arbeidselement
• fjernstyring er enkelt med elektrohydraulikk
• roterande eller lineær rørsle (motor − sylinder)
• enkelt å sikre mot overbelastning
• sjølvsmørjande når ein bruker olje som medium
• blir rekna som stiv kraftoverføring over avstand
• trinnlaus regulering av kraft og hastigheit
• lett å automatisere
• liten brannfare

Ulemper:
• oljesøl
• låg verknadsgrad, cirka 50−75 prosent for eit anlegg inklusiv pumpe (varierer)
• vanskeleg og dyrt å lage synkrone rørsler (til dømes at sylindrar
skal gå likt ved ulik belastning)
• toler lite forureining og luft i medium
• varierande viskositet (frå kald til varm olje)
• støy, som det er dyrt å redusere

HMT

Når vi arbeider med hydraulikk, må vi ta ei rekkje omsyn når det gjeld helse, miljø og tryggleik. Det som skil seg mest frå pneumatikk i denne samanhengen, er dei store kreftene som oppstår, i tillegg til påverknader oljen har på miljøet og oss sjølve.

Trykk

Hydraulisk trykk forplantar seg likt i alle retningar.
Vi definerer trykk på følgjande måte:

Trykk =KraftAreal
Vi seier derfor at trykk er kraft per flateeining. Einingane vi bruker, kan vere forskjellige, men i samsvar med SI-systemet skal vi måle trykket i pascal (Pa). Vi får 1Pa ved å fordele ei kraft på 1N over 1m2.
Dette kan vi skrive i formelen:

1 Pa = 1N1m2
Eller:

P = FAF = P . A
Dette kan vi bruke for å rekne ut skyvekrafta til ein sylinder. For å kunne rekne med nemningane newton, bar og cm2, gongar vi
med 10:

F = P . A . 10

Hydraulisk trykk byggjer seg opp som eit resultat av strøymingsmotstand.

Hydraulisk kraftoverføring

Ei praktisk utnytting av trykkforplantinga i væsker er den hydrauliske kraftforsterkaren, også kalla hydraulisk vektstong. Med ei slik vektstong kan vi lyfte ei stor last (F2) ved hjelp av ei relativt lita beteningskraft (F1).

Hydraulisk anlegg - prinsipp
Hydraulisk anlegg - prinsipp

Læringsressursar

Hydraulikk

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Repetisjonsoppgåve - Hydraulikk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff