Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. ElektrisitetslæreChevronRight
  4. Måling av straum, spenning og resistansChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Måling av straum, spenning og resistans

Vi kan ikkje sjå straum og spenning og må bruke måleinstrument for å registrere dei. Det finst analoge og digitale måleinstrument. I dag er det nesten berre digitale instrument i bruk, men i enkelte tilfelle vil måling med eit analogt instrument gi eit betre bilete av kva som hender.

Det kan vere viktig å kjenne til korleis instrumenta er bygde opp, slik at vi kan vurdere måleverdien.

Gjer det til ein vane å bruke svart leidning i fellesterminalen, merkt COM. Då vil du alltid få rett polaritet på spenninga og rett retning på straumen.

Hugs òg at du må stille multimeteret på rett straumtype, likestraum eller vekselstraum.

Hugs alltid å kalibrere multimeteret for å unngå feil måleresultat.

Måling av straum

Til å måle straum bruker vi amperemeter. Amperemeteret skal koplast i serie. Amperemeteret har veldig liten indre resistans og kan derfor ikkje avgrense straumgjennomgangen. Derfor må alltid amperemeteret koplast i serie med ein forbrukar, amperemeteret må stillast på rett måleområde, og vi må ikkje måle i krinsar der det går meir straum enn det amperemeteret er laga for.

Måling av spenning

Til å måle spenning bruker vi voltmeter. Voltmeteret skal koplast parallelt i krinsen. Voltmeteret har svært stor indre resistans, og vi kan derfor kople voltmeteret parallelt med spenningskjelder, forbrukarar eller delar av den elektriske krinsen. Pass på rett måleområde.

Måling av resistans

Til å måle resistans bruker vi eit ohmmeter. Med ohmmeteret kan vi måle resistansen i leiarar, forbrukarar og isolatorar. Du kan òg måle resistansen i kroppen din om du stiller ohmmeteret på høgt måleområde (megaohm).

Ohmmeteret har eit batteri som sender straum gjennom måleobjektet, derfor må det aldri gå straum i ein elektrisk krins når det blir målt med ohmmeter. Det kan skade ohmmeteret. For å få rett måleresultat må multimeteret bli stilt på rett måleområde.

Læringsressursar

Måling av straum, spenning og resistans

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter