Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknologi- og industrifagChevronRight
  3. KvalitetsstyringChevronRight
  4. Helse, miljø og sikkerheitChevronRight
  5. SikkerheitChevronRight
  6. Tryggleik og datablad i bedriftChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Arbeidsoppdrag

Tryggleik og datablad i bedrift

I denne oppgåva skal du sjå nærmare på korleis tryggleiks- og miljøspørsmål er løyste i den praksisbedrifta du jobbar i, eller på verkstaden på skulen. Men hugs at du er i bedrifta for å lære, ikkje for å vere kontrollør!

Ein feil oppsto ved lasting av ein ekstern ressurs.
Ein feil oppsto ved lasting av ein ekstern ressurs.

Undersøk helsefaren i ei bedrift

I yrkeslivet vil fagarbeidarar jamleg arbeide med stoff og materiale som kan vere farlege. For å unngå helseskade er bedriftene pålagde å følgje eigne forskrifter for helse-, miljø- og tryggleiksarbeid. Bedriftene skal ha eigne HMT-system som legg fast reglar og rutinar for forsvarleg tryggleik og arbeidsmiljø for dei som arbeider i bedrifta. Systema skal òg hindre at det oppstår forureining og skadar på miljøet utanfor bedrifta.

Før bedriftsopphaldet

Set deg inn i HMT-forskriftene som gjeld for bedrifta/bransjen du er i, og sjå nærmare på kva utfordringar som kan oppstå viss kjemikaliar kjem ut i naturen. Finn fram ei oversikt over symbol som blir brukte til merking av stoff og kjemikaliar, og set deg inn i kva symbola betyr.

Symboloversikta skal du leggje ved rapporten. Beskriv i tillegg kortfatta korleis miljøgifter opptrer i næringskjedene.

Stoff du bør vere merksam på
  • drivstoff
  • smørjemiddel
  • løysemiddel
  • bleikemiddel
  • reingjeringsmiddel
  • impregneringsmiddel
  • konsentrerte syrer og basar
  • farlege avgassar
  • gass under trykk
  • overflate- behandlingsmiddel: måling, lakk, botnstoff etc.
  • lim
  • ugrasmiddel
  • soppmiddel
  • insektmiddel

E-forelesning om sikkerhetsdatablad tryggleiksdatablad

Under opphaldet

  • Lag ei oversikt over kjemikaliar og farlege stoff som er i bruk i bedrifta, og noter korleis stoffa blir oppbevart.
  • Kva for rutinar finst for handtering av avfall?
  • Finn fram til kvar bedrifta har tryggleiksutstyret som skal brukast viss uhellet er ute.
  • Lag ei kort beskriving av tryggleiksutstyret og kva funksjon det har.

Beskriving av enkeltstoff

Ta for deg ein av dei viktigaste kjemikaliane som er i bruk i di bedrift. Bruk stoffarkivet eller Internett for å finne informasjon om kjemikalien. Lag ei kortfatta beskriving av stoffet og ta med desse punkta:

  • kjemisk nemning
  • kjemisk samansetjing og molekylformel
  • dei viktigaste faremomenta dette stoffet har for miljø og helse
  • bruksområde
  • reglar for bruk og særlege tryggleikstiltak ved bruk
  • førstehjelp/behandling ved uhell
  • krav til handtering og oppbevaring

Tips

Bruk malen for databladsamandrag til å systematisere opplysningane. Bruk kamera for å dokumentere arbeidet i bedrifta.

Filer

Etter opphaldet

Samanfatt arbeidet med tryggleik og datablad i ein rapport.

Bruk gjerne denne rapportmalen.

Legg ved ei oversikt over faresymbol i tillegg til databladsamandraget.

I erfaringsdelen skal du vurdere kva skadar kjemikalien du har sett nærmare på, kan påføre både arbeidsmiljøet og det ytre miljøet.

Kom med forslag til konkrete forbetringar av systemet! Nemn tre forslag i prioritert rekkjefølgje, og grunngi kvifor du valde desse tre.


Ein feil oppsto ved lasting av ein ekstern ressurs.
Ein feil oppsto ved lasting av ein ekstern ressurs.

Læringsressursar

Sikkerheit

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter