Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. Start og stopp av forbrenningsmotorarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Start og stopp av forbrenningsmotorar

Det er viktig å sjekka motoren før oppstart. Dei viktigaste kontrollpunkta er skildra i instruksjonsboka. Motoren bør også sjekkast etter bruk. Jamleg ettersyn forlengjer levetida til motoren.

Sjekkpunkt før oppstart

Før vi startar motoren, er det nokre punkt vi må kontrollera. Denne kontrollen er viktig for å unngå unødig stans eller driftsproblem. Kanskje vi kan oppdaga feil og manglar som kan føra til skadar på motoren eller i verste fall på menneske. Bruk instruksjonsboka i starten.

Motorolje

Her kontrollerer vi oljemengda i botnpanna med ein peilepinne. Oljenivået skal vera mellom maks- og minimumsmerket på peilepinnen.

Kjølevæske

Dei fleste større motorar har væskekjøling. Her kontroller vi væskemengda i ekspansjonstanken, eller på radiatoren på eldre motorar. Du må aldri skru av radiatorlokket på ein varm motor, då varm kjølevæske/damp kan gi brannskadar.

Luftkjøling

På små motorar, og større motorar med luftkjøling, kontroller vi at kjøleribbene på motoren er reine. Støv og skit her kan føra til dårlegare kjøling.

Drivstoff

På dei fleste større motorar les vi av drivstoffnivået på instrumentpanelet. På mindre motorar, og dersom vi er usikre, kan vi kontrollera nivået ved å opna lokket på tanken og eventuelt peila med ein rein stav. Pass på at det ikkje er open eld i nærleiken når du opnar lokket.

Motor i en snøscooter. Foto.
Lekkasjar og andre sjekkpunkt

Sjå etter oljelekkasjar og lekkasjar frå kjølevæske og brenselanlegg. Her kan vi førebyggja maskinhavari og i verste fall brann i motoren. Defekte kilereimar og eventuelle lause delar er også viktige kontrollpunkt.

Undersøk

Bruk instruksjonsboka til eit køyretøy eller ei maskin som finst på skulen. Finn dei sjekkpunkta som gjeld.

Også båtmotorar må sjekkast før oppstart

Oppstart av bensinmotorar

Mindre bensinmotorar, som påhengsmotor og motorsag, vert ofte starta med startsnor. Køyretøymotorar og andre litt større motorar har elektrisk startmotor. Her må vi trykkja inn ein brytar eller vri om ein startnøkkel for å få start.

Startmotoren får straum frå batteriet. Dersom motoren er kald, treng bensinmotoren litt ekstra konsentrert blanding, og bensinmengda i startaugeblikket kan aukast ved hjelp av choken.

Små motorar har ofte ein pumpemekanisme for å pumpa inn litt ekstra bensin før start. Dei fleste motorar har ein stoppmekanisme som må stillast i startposisjon. Han vert også brukt for å stoppa motoren.

Oppstart av dieselmotorar

Dieselmotorar vert starta med elektrisk startmotor ved hjelp av ein brytar eller ein startnøkkel. I dieselmotoren sjølvtenner brenselet, noko som krev litt oppvarming i forbrenningsrommet før start, spesielt når motoren er kald. Det er anten glødepluggar eller ein gløde-spiral som varmar opp lufta som vert brukt i forbrenninga. Rett bruk av forvarming sparer batteriet og gir lettare start.

Når du skal stansa motoren, vrir du nøkkelen tilbake til utgangsposisjonen, eller du drar i stopphendelen til motoren stansar.

Motorar med turboladar skal alltid gå tre–fire minutt på tomgang før du belastar han med høgt turtal. Han skal gå to minutt på tomgang før du stoppar han. Dette sikrar ei effektiv smørjing av turboladaren.

Les alltid instruksjonsboka for å finna den rette prosedyren for den aktuelle motoren.

Dashbord i traktor. Foto.
Dashbordet

På dashbordet – instrumentpanelet – er det varsellampar som informerer deg om tilstanden i motoren. Ver ekstra merksam på lampen for motorolje som skal slokne rett etter oppstart. Dersom han lyser raudt under køyring, må du stoppa motoren augeblikkeleg og finna feilen.

Alle lampar som lyser raudt, varslar fare. Stans motoren og undersøk kva som kan vera gale. Lampar med gult lys varslar at noko nærmar seg, det kan vera drivstofftanken som snart er tom. Du må undersøkja feil og retta opp.

Les instruksjonsboka for å gjera deg kjend med kva instrumenta betyr, og korleis du skal reagera.

Læringsressursar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Brennstoff til motorar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Elektriske motorar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Traktoren

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Minigravar, minilastar og gaffeltruck

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    ATV og snøskuter

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hogstmaskiner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Lassberar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Utkøyring av tømmer

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for fagstoff.

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Smørjing av maskiner og motorer

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Oppsummering vedlikehald av motorar og maskiner

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for oppgaver og aktiviteter.