Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. Piping and Instrumentation Diagram (P&ID)ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Piping and Instrumentation Diagram (P&ID)

P&ID er ei forkorting for “Piping and Instrumentation Diagram”. Dette er eit skjema som viser mange detaljar om prosess- og instrumenteringsutstyret. På norsk blir denne typen diagram av og til kalla “teknisk flytskjema” (TFS), men dei fleste bedrifter i Noreg òg bruker som oftast P&ID.

Mongstad

Eit oversiktskart over alle funksjonar

Eit P&ID er ganske forskjellig frå eit flytskjema. I eit flytskjema er vi gjerne ute etter å lage eit diagram som beskriv ein prosess slik at det skal bli enklare å forstå “flyten” i prosessen. Målet med eit P&ID er å dokumentere funksjonaliteten til anlegget og utstyret. For å få til det må eit P&ID vere mykje meir detaljert enn eit flytskjema. Det betyr mellom anna at alle reguleringssløyfene er teikna inn i eit P&ID. Reguleringssløyfer er vanlegvis ikkje tekne med i eit flytskjema.

I eit flytskjema bruker vi som oftast firkanta boksar for å vise einingsoperasjonar. Ein einingsoperasjon kan bestå av mange ulike utstyrsdelar. I eit P&ID teiknar ein inn alle utstyrsdelane, uansett kor små og uviktige dei måtte verke. Alt skal med!

P&ID er eit detaljert, teknisk diagram som viser korleis alt prosessutstyr er knytt saman, og som viser alle instrument og reguleringssløyfer.

Ikkje i målestokk

Eit P&ID er ikkje teikna i skala, det vil seie at utstyret på diagrammet ikkje har riktig størrelse i forhold til kvarandre. Derfor kan pumper og ventilar på eit P&ID ofte sjå veldig store ut samanlikna med tankar og anna stort utstyr.

Korleis dei ulike einingane er plasserte i forhold til kvarandre, kjem heller ikkje fram i eit P&ID. Utstyr som ser ut til å liggje langt frå kvarandre, kan i røynda vere plassert tett saman.

Læringsressursar

Piping and Instrumentation Diagram (P&ID)

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter