Hopp til innhald

Kroppsøving

    Fysiske og koordinative eigenskapar

    Uthald, styrke og rørsleevne er fysiske eigenskapar som betyr noko for prestasjonen i idrettssamanheng, men det er òg eigenskapar som påverkar helsa vår.
    I denne delen får du vite meir om desse eigenskapane, om oppvarming og om dei koordinative eigenskapane.

    Uthald

    Greier du å halde på med ein aktivitet lenge, eller blir du fort sliten? Evna til å gjennomføre ulike aktivitetar blir i stor grad bestemt av uthald, eller av «kondis», som mange kallar det.