1. Home
  2. KroppsøvingChevronRight
  3. TreningsøvelserChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Treningsøvelser

Når du skal planleggje treninga di, er det ein del ting du må tenkje gjennom for å kunne setje saman ei god plan. Val av øvingar er det mest vesentlege i eit program. I dette emnet har vi samla ei rekkje øvingar med forklaringar til.

Jente henger i ribbeveggen. Foto.
Trening i ribbevegg

Eit godt utval av øvingar er nyttig av fleire grunnar. Progresjonen kan til dømes stagnere om du trener same øving over tid. Variasjon kan derfor gje eit betre utbytte.

Det er også forskjel på kva slags utstyr du har tilgang til på trening. Veksling mellom øvingar som krev og som ikkje krev utstyr er ein fin måte å variere på.

Du kan også gjere ei enkeltøving meir utfordrande ved å tilføre eit nytt element, som til dømes krav til balanse.

Slike måtar å variere på vil kunne gjere treninga meir morosam og meir motiverande.

Emner

Treningsøvelser

  • Oppvarmingsøvelser

    I dette emnet presenteres ulike øvelser for å forberede kroppen på trening og aktivitet.

  • Koordinasjonsøvelser

    Å trene koordinasjon handlar om å utfordre deg sjølv ved bruk av ulike sansar og stimuli.

  • Stabiliserings- og styrkeøvingar

    Å jobbe med korreksjon av balanse og muskelspenning i ulike øvingar er god trening av både styrke og teknikk.

  • Spenst

    Spenst er evna til å kunne hoppe høgt eller langt (vertikal og horisontal spenst).

  • Rørsleevne

    Rørsleevne er evna til leddutslag. God rørsleevne kan vere med på å minske faren for idrettsskadar.

  • Snøggleik

    Snøggleik handlar om kor raskt du reagerer, noko som er ein viktig eigenskap i idrett.

  • Styrke

    Styrke er muskelen si evne til å utvikle kraft, og er ein viktig basiseigenskap.