Hopp til innhald

  1. Home
  2. KroppsøvingChevronRight
  3. TreningsplanleggingChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Treningsplanlegging

Å planleggje trening er noko vi gjer for å sørgje for at treninga fungerer best mogleg. Det kan vere å planleggje éi enkelt økt, eller ein lengre periode.

Kalender for planlegging av trening. Foto.

Når vi skal planleggje éi enkel økt, kallar vi det ein øktplan. Ein øktplan skal vise kva du ønskjer å gjere med treninga, og korleis du skal trene på det. Ved å planleggje éi økt har du kontroll på tid og belastning.

Ein kan også ha nytte av å planleggje for ein periode, for eksempel ein månad. Dette kan vere lurt for å få tid til trening, for å få inn rutinar, og for å gi deg progresjon i treninga. Målet med dette er at du gjennom å planleggje skal kunne trene formålstenleg, tenkje og reflektere gjennom treninga du gjer, både kortsiktig og over lengre periodar.

Læringsressursar

Treningsplanlegging