Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. YrkessituasjonarChevronRight
  4. Yrke: FotterapeutChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Yrke: Fotterapeut

I denne filmen fortel ein fotterapeut om arbeidet sitt. Ho kjem inn på emne som kompetanse innan sjukdomslære og kommunikasjon, og ho fortel om ulike arbeidsplassar ein fotterapeut kan ha.

Fotterapeut

Utfordringar til deg

  1. Kva trur du er grunnen til at mange opplever føter som svært private?
  2. Gjer ei spørjeundersøking i klassen din:
    • Kor mange har vore hos fotterapeut?
    • Kor mange kan tenkje seg å prøve det?
    • Kor mange synest det er godt å få føtene sine stelte av nokon andre?
    Lag eit diagram som viser resultata du kjem fram til.
  3. Kva for sjukdommar som betyr noko for behandlinga, nemner fotterapeuten?
  4. Diskuter i klassen:
    • Kva betyr kompetanse?
    • Kvifor er det så viktig å kjenne sin eigen kompetanse?
    • Kvifor må ein og kjenne til kva for kompetanse andre yrkesgrupper har?
    • Kva kan skje om du gjer ting som du ikkje har kompetanse til?
  5. Kor kan ein fotterapeut jobbe?
  6. Finn ut om det er fotterapeutar som jobbar i kommunen eller i bydelen din.
  7. I filmen fortel fotterapeuten om kor viktig ein god stol er. Kva for krav må stillast til ein god stol i denne samanhengen?
  8. Brukar fotterapeutar noka form for verneutstyr?

Læringsressursar

Yrke: Fotterapeut