Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. UtviklingChevronRight
  4. Ulike føresetnader for utviklingChevronRight
  5. Ulike føresetnaderChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ulike føresetnader

Når vi bruker omgrepet funksjonsnivå her viser det til evna og sjansane ein person har til å fungere i omgivnadene sine, og kor stor evne personen har til å forstå og utføre handlingar.

Aktiv ungdom i rullestol.Foto

Når vi er små, lærer vi mellom anna å gå, springe, hoppe, hinke osv. - og dette er ein del av den fysiske utviklinga. Vi lærer å snakke, uttale lydar og ord, og til slutt setje saman orda til setningar som gir språket meining.

Den kognitive delen av hjernen utviklar seg slik at vi kan forstå og løyse både spørsmål og utfordringar vi møter på vegen. Kognitiv utvikling blir også skildra som intellektuell utvikling. Vi lærer å drøfte og reflektere, og vi kan vurdere forskjellige løysingar i ulike situasjonar.

Evna til å omgå andre viser seg i møte med menneske, og evna vår til å ta kontakt og få kontakt med andre er ein vesentleg del av den sosiale utviklinga vår. Å fungere i eit fellesskap med andre menneske er viktig for å lære, og for å få venner og høyre til eit sosialt fellesskap. For nokre grupper kan det å kome inn i eit sosialt fellesskap vere vanskeleg. Nokre innvandrarar opplever mellom anna at det er vanskeleg å få norske venner, og då blir det også vanskeleg å lære kva som blir forventa i fellesskapet .

Vi har kanskje hørt nokon seie at "ho fungerer dårleg saman med Kari og Per, men elles fungerer ho fint." Kva kan vere årsaka til at slike utsegn kjem?

Funksjonsnivå kan tyde at vi fungerer forskjellig på ulike nivå i utviklinga, og at nivået kan variere i ulike samanhengar. Ein baby fungerer ut frå sitt utviklingsnivå, og ungdommar ut frå sitt utviklingsnivå. Ein baby er for eksempel avhengig av andre for å få tilfredsstilt behovet sitt for mat, mens ein ungdom fint greier det på eiga hand. Det eine utviklingsområdet heng nøye saman med dei andre, og vi må lære oss å sjå dei i i samanheng.

Kva opplevingar og erfaringar vi gjer i oppveksten påverkar korleis vi fungerer, og både arv og miljø påverkar korleis vi utviklar oss. For eksempel kan barn som har opplevd omsorgsvikt ha vanskar i sosiale situasjonar der dei må stole på andre.

Korleis vi skal fungere på dei ulike nivåa heng saman med kva vi forventar at mennesket skal greie på dei ulike alderstrinna. Det kan vere ulike forventningar i ulike kulturar, men stort sett finst det eit allment forventa funksjonsnivå ut frå alder. Det er noko som er alderstypisk, sjølv om det kan vere store variasjonar innafor kvart nivå. Nokre menneske har funksjonsnedsetjingar på eitt eller fleire område. Før omtalte vi denne gruppa som funksjonshemma, men i dag er vi meir opptekne av det dei meistrar enn det dei ikkje meistrar. Omgrepet menneske med funksjonsnedsetjingar er då betre å bruke. Ei funksjonsnedsetjing kan vere medfødd eller vere komen seinare i livet.

Gode helsefremmende valg

Utfordringar til deg:

  1. Kva treng mennesket for å fungere?
  2. Enkelte kan fungere som ambulansesjåfør, men ikkje som hudpleiar. Kva kan grunnen vere til det? Kva er ulikt?
  3. Kva er eit funksjonsnivå?
  4. Kva må du tileigne deg kunnskap om for å kunne seie noko om funksjonsnivået til ein person?
  5. Nokre eldre fungerer dårleg i sosiale samanhengar, mens andre fungerer heilt fint. Kan du tenkje deg ulike årsaker til det?

Læringsressursar

Ulike føresetnader for utvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter