Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. UtviklingChevronRight
  4. Ulike føresetnader for utviklingChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Ulike føresetnader for utvikling

Vi utviklar oss heile livet, og nokre treng meir støtte og rettleiing enn andre. Nokre har medfødde utfordringar, andre har fått dei etter sjukdom eller ulykke.

Mann i rullestol

Vi menneske utviklar oss ulikt på mange område. I nokre tilfelle kan det vere svikt i den mentale utviklinga. Andre gonger kan det vere svikt i den fysiologiske utviklinga. Dette kan utgjere forskjellige utviklingsmønster eller nedsette funksjonar. Psykisk utviklingshemming er definert som ei mangelfull evne til det generelle intelligensnivået som for eksempel læringsevne, oppfatning og språklege og sosiale ferdigheiter. Diagnosen må stillast før personen er 18 år og er ei samlenemning på funksjonssvikt innanfor den kognitive funksjonen. Ein person med psykisk utviklingshemming har ein låg intelligens og ein låg mental alder, sjølv om alderen kan vere høg.

Menneske med nedsett funksjonsevne vil ofte i stor grad ha behov for hjelpemiddel i kvardagen sin. Universell utforming og hjelpemiddel, både digitale og anna utstyr, vil vere viktige å få for å bli mest mogleg sjølvhjelpen. Som fagarbeidar skal du gjere deg kjent med ulike hjelpemiddel, søkjeprosess og rettleiing rundt nye middel saman med ein brukar.

Ein diagnose vil alltid bli stilt av ein lege, men det er mennesket bak ein diagnose du som fagarbeidar skal bli kjent med. Uansett kva for ein diagnose eller avvik frå den normale utviklinga ein har, vil eit menneske kunne forbetre sine ferdigheiter og evner på sitt eige nivå.

Læringsressursar

Ulike føresetnader for utvikling

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter