Hopp til innhald

Helse og oppvekst

    Menneskekroppen

    Det er viktig å ha kunnskapar om menneskekroppen når du skal jobbe innan helse - og oppvekstsektoren. Det blir forventa at du som fagarbeidar har god kjennskap til både korleis kroppen er bygd opp, og om funksjonen til dei ulike organsystema.

    Respirasjonssystemet

    Respirasjonssystemet består av øvre og nedre luftvegar som transporterer luft til og frå lungene når vi pustar inn og ut. Oppgåva til respirasjonssystemet er å sørgje for at alle cellene til kroppen får tilført oksygen gjennom blodet og samtidig kvitta seg med avfallsstoffet karbondioksid.