Hopp til innhald

Helse og oppvekst

    Menneskekroppen

    Det er viktig å ha kunnskapar om menneskekroppen når du skal jobbe innan helse - og oppvekstsektoren. Det blir forventa at du som fagarbeidar har god kjennskap til både korleis kroppen er bygd opp, og om funksjonen til dei ulike organsystema.

    Huda

    Huda dekkjer heile kroppen og er eit av dei største organa våre. Hos eit vakse menneske har huda ei overflate på omtrent to kvadratmeter. Ei sunn hud er mellom anna viktig for å verne mot ytre påverknader frå sol, vind og dagleg arbeid.