Helse og oppvekst
Menneskekroppen
Det er viktig å ha kunnskapar om menneskekroppen når du skal jobbe innan helse - og oppvekstsektoren. Det blir forventa at du som fagarbeidar har god kjennskap til både korleis kroppen er bygd opp, og om funksjonen til dei ulike organsystema.
Sirkulasjonssystemet
Sirkulasjonssystemet består av hjartet og blodårer som transporterer ulike stoff rundt i kroppen. Hjartet er ein stor muskel som pumpar blodet rundt i kroppen gjennom blodårene. På denne måten kjem oksygen og næringsstoff ut til cellene, og avfallsstoff blir fjerna.