Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. FørstehjelpChevronRight
  4. ForgiftingarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Forgiftingar

Forgiftingar kan komme av kjemikaliar, gassar, matvarer, planter, medisinar med meir. Tilsette i servicebedrifter må vere førebudde på å kunne gi førstehjelp ved ulike typar forgiftingar.

Unger og farlige kjemikalier i hjemmet

Årsaker til forgifting

Eit breitt spekter av stoff og produkt kan føre til forgiftingsfare, og kvart enkelt forgiftingstilfelle er unikt.

Døme på stoff som kan gi forgifting:

  • legemiddel som er kjøpte i inn- og utland, på resept og utan resept, på apotek, via Internett, legalt eller illegalt
  • naturlegemiddel, kosttilskot og slankemiddel
  • kjemikaliar og teknisk-kjemiske produkt, gassar og brannrøyk
  • planter, sopp, dyr og insekt
  • rusmiddel

Forgiftingar kan føre til alt frå mildt ubehag til i ytste konsekvens død. Somme symptom viser seg straks, medan andre kjem til syne først etter dagar, veker eller månader. Som tilsette i servicebedrifter er det i tilfelle der symptoma kjem raskt, vi kan bidra med noko.

Lenkje: Helsebiblioteket – forgiftingar

Førstehjelp ved forgifting

Dersom personen er uvel, utan at det er noka god forklaring på kvifor: Snakk med pasienten. Spør om han/ho har ete eller drukke noko nyleg, og om vedkommande er allergisk. Dersom det dreier seg om eit barn, sjå etter tomemballasje eller andre teikn på at pasienten kan ha fått i seg noko giftig.

Førstehjelp ved forgifting.

Ein bør prøve å få pasienten til å kaste opp for å få ut eventuelle restar av giftstoff. Unntaket er dersom pasienten har fått i seg noko etsande. I så fall er medisinsk kol eller koltablettar det beste å bruke.

OBS!
Dersom ein person har fått i seg eit etsande stoff, må vi ikkje få pasienten til å kaste opp! Då vil stoffet etse på nytt.

OPPGÅVER
1. Når er det ikkje tilrådd å få pasienten til å kaste opp? Sjå svar

Ved inntak av noko etsande, då vil det etse ein gong til og kan svi hòl.

2. Kven har kompetanse på forgiftingar? Sjå svar

113 og Giftinformasjonen.

Læringsressursar

Førstehjelp