Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. ProduktkalkylarChevronRight
  4. Kalkyle i produksjonsbedrifterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kalkyle i produksjonsbedrifter

Ei produksjonsbedrift kjøper gjerne inn råvarer og foredlar desse i ein produksjonsprosess der maskiner og arbeidarar blir brukte. Dei sel altså eigenproduserte varer. Den prisen bedrifta oppnår for vara, må vere høgare enn kostnaden for å produsere vara. Sjølvkostmetoden er best eigna i dette tilfellet.

Jente som overvåker produksjonslinje. Foto.

Korleis reknar ei produksjonsbedrift ut prisane på varene dei produserer?

Arbeidet med å finne prisen for eigenproduserte varer er ofte meir komplisert enn for vanlege handelsvarer.

Priskalkyle og sjølvkostmetoden

Prisane bedriftene kan oppnå for eigenproduserte varer, er ofte gitt av marknaden – av dei same grunnane vi nemnde då vi såg på handelsbedrifter . Bedrifta vil då vere merksam på kva for dekningsbidrag ho kan oppnå – det vi har kalla bidragsmetoden.

For produksjonsbedrifter er vara bedrifta produserer, meir særeigen og prisen ikkje gitt i marknaden. Slike bedrifter bruker det som blir kalla sjølvkostmetoden.

Når vi bruker sjølvkostmetoden, gjer vi ein priskalkulasjon. Utrekninga skal sikre at alle kostnadene – både dei direkte og dei indirekte – blir tekne med.

Nokre produksjonsbedrifter bruker begge metodane. Prisen kan i stor grad vere gitt, men bedrifta ønskjer å kontrollere at alle kostnadene blir «bakte inn i prisen».

Vi skal sjå på eit forenkla døme på sjølvkostmetoden:

Kalkulasjon etter sjølvkostmoteoden:

Innkjøpspris960,00 kr+ andre direkte kostnader50,00 kr=inntakskost1010,00 kr+ indirekte kostnader606,00 kr= sjølvkost1616,00 kr+ forteneste485,00 kr= salgspris utan meirverdiavgift2101,00 kr+ meirverdiavgift525,25 kr= salspris2626,25 kr


Kalkylen over viser prisen vi bør ta for produktet. Om marknaden ikkje er villig til å betale den prisen, lønner det seg ikkje å produsere vara.

Om kalkylen viser ein lågare pris enn vi faktisk kan oppnå i marknaden, kan vi anten auke prisen eller velje å halde på kalkyleprisen og dermed auke salet og ta marknadsdelar frå konkurrentane.

Læringsressursar

Produktkalkylar