Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. PersonopplysningarChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Personopplysningar

I dette emnet skal du lære korleis du skal behandlar og kvalitetssikrar personopplysningar i samsvar med dei lovene, forskriftene og det regelverket som er mest knytt til dette emnet. Trygging av personopplysningar må baserast på meir enn tillit. Den tilliten er ikkje alle verdig, og han kan vere svært skjør.

Øye med logoen til Safer Internet Day

Innhenting, lagring og bruk

Det norske samfunnet er i stor grad bygd på tillit. Vi stolar på at medmenneska våre vil oss vel, og at alle følgjer dei skrivne og uskrivne normene og reglane som det norske samfunnet er bygd på. Dette gjeld også i stor grad reglane for korleis ein skal behandle personopplysningar.

No har samfunnet endra seg mykje dei seinare åra når det gjeld høva for å hente inn, lagre, bruke og misbruke personopplysningar. Særleg gjeld dette elektronisk innhenting og lagring av personopplysningar. Det er strenge krav til korleis ein kan hente inn, lagre og bruke desse opplysningane. Krava gjeld for offentlege organ, bedrifter, frivillige organisasjonar og private.

Læringsressursar

Personopplysningar