Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Kjøpar- og seljarrolla ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kjøpar- og seljarrolla

Ein seljar må tilpasse rolla si til kundane, behova deira og kjøpsåtferda deira. Kjøpsåtferd varierer frå marknad til marknad, anten det dreier seg om forbrukarmarknaden, bedriftsmarknaden eller institusjonsmarknaden.

Kunder får servering på en kafé

Ein god seljar skal derfor ha gode kunnskapar om produktet og eigenskapane til produktet, om kvalitet og pris, om kundane, marknaden og bransjen for å klare å finne riktig produkt som passar til behova som kundane har. I tillegg skal ein god seljar kunne noko om både kjøps- og salsprosessen, om kjøpar- og seljarrolla og kva som kjenneteiknar desse i dei ulike marknadene.

Skinke og operasjonsutstyr
Det er forskjell på å selje skinke og å selje operasjonsutstyr.

Behova til kunden varierer sterkt frå marknad til marknad. Det er forskjell på å selje skinke, jeans eller mobiltelefon til kundar i forbrukarmarknaden og på å selje stolar og pultar til skular – eller operasjonsutstyr til sjukehus. Dette vil seie at ein god seljar er nøydd til å tilpasse sal og marknadsføring til rolla og behova til kunden. Dette lærer du meir om i dette emnet.

Læringsressursar

Kjøpar- og seljarrolla

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter