Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Verdikjeda ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Verdikjeda

Omgrepet verdikjede kan brukast om prosessen, gjennom alle ledd, frå produsent og fram til forbrukaren. I dette emnet skal vi sjå på verdiskapingsprosessen som skjer i den enkelte bedrifta. Du lærer litt om hovedaktivitetar og støtteaktivitetar og om kva rolle kvalitet speler i alle ledd i verdikjeda.

En rød binders er brukt som et ledd i en metallenke.Foto.

Verdikjeda kan fortone seg svært forskjellig dersom vi for eksempel samanliknar verdikjeda i ei produksjonsbedriftog ei handelsbedrift.

I ei produksjonsbedrift kan verdiskapingsprosessen vere svært detaljert og omfattande frå råvarene kjem inn, til det ferdige produktet forlèt bedrifta. Det er i samband med produksjonsbedrifter omgrepet «verdikjede» oftast blir brukt.

I ei handelsbedrift vil produktet ofte ikkje vere endra frå det kjem til bedrifta, til det blir levert til kunden. Men det at bedrifta gjer produktet tilgjengeleg for kunden, kan gi rettleiing, service og eventuelt behandle reklamasjonar, er verdiskaping i seg sjølv. Derfor kan kunden vere villig til å betale ein høgare pris for produktet enn bedrifta sjølv har gitt for det.

Læringsressursar

Verdikjeda