Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. SamarbeidsformerChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Samarbeidsformer

Det finst mange ulike samarbeidsformer mellom service- og varehandelsbedrifter. Kjedesamarbeid er vanleg både i daglegvarehandelen og faghandelen.

Lokalmat

Kva samarbeidsformer finst?

Kjedesamarbeid er mest gjennomført i dagligvarebransjen, til dømes Rema 1000 og Norgesgruppen.

Blant dei store kjedene innanfor faghandelen har vi til dømes Libris, G-sport og Jernia. 7-eleven og Body Shop er døme på utanlandskeigde detaljhandelskonsept som blir drivne på franchise-basis i Noreg.

Vi skal ta føre oss følgjande samarbeidsformer:

  • Filialføretak: gruppe av detaljhandelsbedrifter som har same eigar og er underlagd ei sentral leiing.
  • Frivillige kjeder: samarbeidsgrupper av detaljistar og grossistar der målet er å effektivisere distribusjon, innkjøp og marknadsføring.
  • Franchising: lisenssystem der eigaren av eit produkt eller ein metode (gjerne med eit eige varemerke og felles marknadsføring) distribuerer dette gjennom sjølvstendige forhandlarar.
  • Forbrukersamvirke: forbrukareigd organisasjon med det idealistiske målet å ta hand om interessene til forbrukarane.

Læringsressursar

Samarbeidsformer