Hopp til innhald

  1. Home
  2. Salg, service og sikkerhet Vg2ChevronRight
  3. Trendar i produktutviklingaChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Trendar i produktutviklinga

Forbrukarane i dag er svært opplyste og vil ha berre det beste. Produktutvikling blir derfor viktigare, og det blir stadig vanskelegare å selje gårsdagens nyheiter. Ein kan seie at det er ein trend at trendane skiftar ofte!

Kompassnål som peikar mot ordet TREND. Foto.

Kva er ein trend?

Omgrepet trend kan forklarast som ein tidstendens; det som er på moten til kvar tid, og det som ser ut til å komme på moten i tida framover.

Du har tidlegare lært at bedrifta sin arbeidsvilkår set rammer. Trendar er ein del av dei eksterne rammevilkåra som bedrifta ikkje kan påverke.

Trendane og ønska kundane har, er derfor gitt, men kor flink bedrifta er til å drive ei god og riktig produktutvikling, ligg derimot i dei interne arbeidsvilkåra. Kjennskap til trendane i samfunnet – og spesielt i eigen bransje – er ein kompetanse det er godt å ha når ein skal drive produktutvikling!

Kva for nokre trendar er det bedrifta må tilpasse produkt- og tenesteleveransen etter? Det skal vi sjå nærare på i dette emnet.

Læringsressursar

Trendar i produktutviklinga