1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Sola gir varme og elektrisitetChevronRight
  5. Forsøk: Lag din eigen solfangarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Lag din eigen solfangar

Tversnitt av to flasker med termometer og bakgrunn i ulike farger. Illustrasjon.
Formål

Du skal finne ut kva bakgrunnen har å seie for temperaturstigninga i ein solfangar.

Utstyr

  • to 1,5-litersflasker av plast
  • to termometer
  • kvitt og svart papir
  • strikk

Framgangsmåte

  • Fest eit kvitt papir med strikk slik at det dekkjer baksida av den eine flaska. Fest på tilsvarande måte eit svart papir på baksida av den andre flaska. Dei flaskesidene som vender mot sola, skal vere udekte. Kvar flaske er no ein enkel modell av ein solfangar.
  • Fyll opp flaskene med same vassmengd.
  • Termometra kan festast til flaskeopninga med ei klype eller på annan måte. Kontroller at vatnet frå først av har same temperaturen i begge flaskene. Les av starttemperaturen.
  • La så sola få skine på begge flaskene. Mål temperaturen i kvar flaske med jamne mellomrom, og hald fram med det til temperaturen i begge flaskene har slutta å stige.

Tips til rapport

  • Korleis går det med temperaturen i kvar av flaskene?
  • Lag ei grafisk framstilling av temperaturauken i kvar solfangar som funksjon av tida.
  • Kva for ein solfangar er mest effektiv? Grunngi svaret.

Læringsressursar

Sola gir varme og elektrisitet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter