Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Energi for framtidaChevronRight
  4. Sola gir varme og elektrisitetChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Sola gir varme og elektrisitet

Med energien frå sola kan vi lage elektrisitet eller varme opp vatn. Solenergien som treffer jorda i løpet av ein time, er nok til å dekkje energibruken i verda for eitt år. Då må vel sola vere ein lovande kandidat som energikjelde for framtida?

Solcelleanlegg i Kina formet som hodet på en panda. Foto.
Solcelleanlegg formet som en panda.

Sola gjer varmtvatn og elektrisitet

Du skal gjere forsøk med solceller og finne ut kor effektive dei er. Er det nok sol i Noreg til at solceller kan vere ein aktuell måte å lage elektrisitet på? Kan ein bruke solceller når det er kaldt?

Solfangarar fangar inn varmeenergien frå sola og kan nyttast til å varme opp vatnet du dusjar i. Vil det seie at du ikkje kan ta ein varm dusj når det er overskya vêr?

Både solceller og solfangarar høyrest lurt ut. Undersøk korleis dei verkar, finn døme på korleis ein brukar dei, og diskutér: Er sola energikjelda for framtida?

Læringsressursar

Sola gir varme og elektrisitet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter