Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Stråling og radioaktivitetChevronRight
  4. Ioniserande stråling – høg energi gir nytte og fareChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Ioniserande stråling – høg energi gir nytte og fare

Ioniserande stråling er den strålinga som har så høg energi at ho kan sparke laus elektron i atom. Då blir det danna ion. Dette kan vere skadeleg viss det skjer i cellene i kroppen vår. Likevel er det vanskeleg å tenkje seg eit moderne samfunn utan den hjelpa ioniserande stråling gir.

Marie Curie gjør observasjoner i et laboratorium. Foto.
Marie Curie blei fødd i Polen, men studerte og jobba i Frankrike. Ho gifta seg med Pierre Curie. Dei forska på radioaktivitet saman, og fekk Nobelprisen i fysikk saman med Henri Becquerel i 1903. Ekteparet strålte av lykke, mens dei radioaktive isotopane dei jobba med strålte ut sin dødelege energi.

Ioniserande stråling – dødeleg og daglegdags

Dagleg blir vi utsette for ionserande stråling frå sola. UV-stråling er bra for oss i små mengder, men for mykje kan auke risikoen for hudkreft.

Alle har nok blitt utsette for røntgenstråling også. Sjølv om dette er stråling med veldig høg energi, så er fordelane med å kunne "sjå" organ og skjellett så stor at risikoen ved å bli utsett for sterk stråling blir vege opp av fordelane.

Du skal bli kjent med tre typar radioaktiv stråling i dette emnet: Alfa-, beta- og gammastråling. Alle desse tre er ioniserande, potensielt farlege og nyttige. Historia om oppdaginga av radioaktivitet handlar om hardt arbeid, kjærleik og for tidleg død.

Bli kjent med den ioniserande strålinga, og sjå at ho er heilt nødvendig i våre moderne liv. På same tid kan ho vere lunefull, og nokon gonger farleg.

Læringsressursar

Ioniserande stråling – høg energi gir nytte og fare

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter