Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. Ernæring og helseChevronRight
  4. Næringsstoff får kroppen til å fungereChevronRight
  5. Øvingsoppgåver – NæringsstoffChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Øvingsoppgåver – Næringsstoff

Desse oppgåvene om næringsstoff krev at du arbeider med stoffet mens du svarer.

  1. Karbohydrat

    1. Skriv ei reaksjonslikning som viser korleis sukrose kan bli danna.
    2. Studer biletet av polysakkarida. Forklar kva som er forskjellane mellom dei.
    3. Kan du forklare kvifor ein tidlegare kalla glykogen for dyrestivelse?
    4. Kvifor bør vi ete mat som er rik på cellulosefibrar, når vi ikkje kan fordøye dei?
  2. Protein

    1. Eit grunnstoff finst i protein, men ikkje i karbohydrat eller feitt.
      Kva for eit grunnstoff er dette?
    2. Kan du tenkje deg kvifor det er vanleg å forvelle grønsaker før ein frys dei? (Forvelle er å gi matvarer eit raskt oppkok).
    3. Studer figuren av peptidbindinga lenger oppe. Teikn to aminosyrer som reagerer og dannar ei peptidbinding.
  3. Feitt

    1. Teikn eit feittmolekyl. Kva er det som avgjer om feittmolekylet er metta eller umetta?
    2. Kvifor må maten innehalde feitt?
  4. Alle næringsstoffa

    1. Set opp ein meny frå og med frukost til og med kveldsmat ein dag. Menyen skal innehalde alle dei næringsstoffa kroppen treng.
    2. Set opp ein meny frå og med frukost til og med kveldsmat ein dag. Menyen skal innehalde alle dei minerala kroppen treng.
    3. Set opp ein meny som er typisk for kva du plar ete om dagen.
      Finn ut om kosthaldet ditt dekkjer behovet for næringsstoff, vitamin, mineral og sporstoff.

Læringsressursar

Næringsstoff får kroppen til å fungere

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter