1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. ForskarspiraChevronRight
  4. ForskingChevronRight
  5. SimuleringarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Simuleringar

Simuleringar og animasjonar er rørlege og interaktive modellar som er til god hjelp når vi skal jobbe med kompliserte samanhengar. Dei gjer det lettare å lære, og blir brukte til underhaldning, forsking, utvikling av prognosar, modellering av konstruksjonar og mykje meir.

Ungdom sitter foran PC-spill i blått lys. Foto.

Datasimuleringar til mange føremål

Eit dataspel er ei simulering laga for underhaldning og/eller læring. Andre simuleringar er laga for å produsere ting, studere samanhengar eller overvake prosessar. Grensene mellom dei forskjellige typane blir meir og meir utviska, og mange hevdar at læring i framtida i stor grad vil skje ved hjelp av spel.

Store datamengder, statistikk og prognosar

Når store datamengder og statistikk frå ein lang tidsperiode blir presenterte som ein animasjon, blir utviklinga svært mykje lettare å oppfatte. Dette er Hans Roslings presentasjon av helse og velferd i 200 land eit godt eksempel på.

Simuleringar til læring

Simuleringar blir brukte til læring i utdanning og til opplæring i industrien. Forsking viser at bruk av interaktivitetar og simuleringar gjer det lettare å lære. Dei kan gjere abstrakte og kompliserte fenomen meir konkrete og forståelege. Gode læringsbilete som er lette å hugse, kan fungere som «knaggar» til å hengje kunnskapen på.

Simuleringane kan ikkje erstatte praktisk erfaring frå verken laboratoriet, flycockpiten eller operasjonssalen, men er eit verdifullt tillegg som gir høve til å eksperimentere og repetere mange gonger utan ekstra kostnad eller risiko.

Kollasj av interaktiv lab og flysimulator. Foto.
Utsnitt av interaktivt laboratorium, ein flysimulator og ein kirurg som trenar på å fjernstyre instrumenta.

Simuleringar kan også gi deg høve til å teste ut fenomen på mikro- og makronivå, som du elles ikkje kan observere. I simuleringa under kan du endre temperatur og molekylmasse for å sjå korleis det påverkar molekylrørslene.

Vêrvarsel og andre prognosar

Vi har tilgang til detaljerte vêrvarsel på mange appar, TV-kanalar og på Internett. Fleire nettsider tilbyr skreddarsydde vêrvarsel for tallause stader i heile verda.

Detaljerte prognosar med temperatur, nedbør, sol, vind og skyer kan lagast takka vere røynsler frå observasjonar som er lagra og analysert over lang tid. Det same prinsippet blir brukt også når andre prognosar blir laga. Dataprogram simulerer kva som kjem til å skje, på bakgrunn av data frå tidlegare erfaringar og den informasjonen som blir mata inn. Det er lettare å oppfatte informasjon om vindstyrke og retning i ein animasjon enn same informasjonen gitt i tabellar, tekst og tale.

Sjå værdata slik det er no på Kartanimasjon – vindretning og vindstyrke på heile jordkloden

Simuleringar i industri, forsking og planlegging

Kva trur du brønnboring, aksjehandel, modellering, trafikkplanlegging og vêrvarsling har til felles? Her kan du sjå nokre eksempel på kva datasimuleringar blir brukte til.

Læringsressursar

Forsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Forsking

  • LearningPath

    For godt til å vere sant?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Rollespel – debatt: interessekonfliktar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Utfordring: motorsykkeldekk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva trur du om årsaker til klimaendring?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Debattoppgåve – vurdering av informasjon

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Mål tida mellom to knips

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Fysiske målingar og variasjonsbredde

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff