Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. ForskarspiraChevronRight
  4. ForskingChevronRight
  5. ModellarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Modellar

Utan at vi tenkjer mykje over det, bruker vi dagleg modellar som er forenklingar av verkelegheita. Modellane viser berre deler av sanninga og har avgrensa gyldigheit. Dei er likevel til stor hjelp når vi skal forstå kompliserte samanhengar og fenomen på mikro- og makronivå, som vi ikkje kan sjå.

Modeller av universet og et molekyl. Illustrasjon.

Modellar – forenklingar av verkelegheita

Ein av modellane du møter nokså ofte, er kart over bygningar og terreng. Når du kjem inn i ein offentleg bygning, slik som skolen din, finst det oftast eit oversiktskart der ein kan orientere seg for å finne riktig rom. Om du skal forklare vegen til nokon som vil besøkje deg, vil du kanskje teikne eit kart. Då teiknar du berre viktige landemerke og utelèt dei fleste detaljane. Dette er ein forenkla modell av verkelegheita.

Modellar har avgrensa bruksområde
En lysstråle brytes i regnbuens farger gjennom et glassprisme. Foto.

Modellar har avgrens nytteverdi og kan skape mistydingar dersom vi bruker dei til noko anna enn dei er tenkt til. Det er derfor viktig å kjenne til modellane sine bruksområde. For eksempel blir lys nokre gonger beskrive som strålar, mens ein bruker ein bølgjemodell for å forklare andre eigenskapar ved lyset.

Globus og kart er modellar

Globusen har få detaljar, men han gir eit godt bilete av at jorda er rund, og viser korleis hav og kontinent er fordelte. Når aksen er skråstilt, kan vi også bruke han til å forklare årstidene.

Når jordkloden blir avbilda som eit kart, kan vi få med fleire detaljar. Eit kart er lettare å bere med seg, og vi kan sjå heile jorda på ein gong. Ulempa er at polområda blir uforholdsmessig store samanlikna med dei områda som ligg ved ekvator. Sidan jordoverflata er kuleforma, vil slike misforhold auke med størrelsen på landområdet som blir avteikna på kart.

Jordklode og kart av jordkloden. Tegning.

Prøv ut:
Prøv å skrelle ein appelsin og legg skalet flatt som eit kart.
Teikn gjerne på kontinenta før du skreller.


Atom- og molekylmodellar

For å forstå korleis stoff reagerer med kvarandre og i kroppen vår, må vi kjenne til korleis dei er bygd opp. Sidan vi ikkje kan sjå atom og molekyl, er forenkla modellar til stor nytte. Her er ei oversikt:

  • Bohrs atommodell gir ei ryddig oversikt med elektrona plasserte i faste skal (banar) som representerer energinivå utanfor atomkjernen.
  • Skymodellar viser sannsynleg plassering av eit elektron som ei sky, der mørk farge viser størst sannsyn. Denne modellen gir eit riktigare bilete av at elektronrørslene ikkje følgjer sirkulære banar, men likevel skjer i bestemte energinivå.
  • Forenklingar
    • I alle desse modellane er partiklane teikna med overdriven storleik, men det gjer det lettare for oss å sjå dei.
    • Modellane er flate og viser ikkje at atoma er tredimensjonale.
    • Kjernepartiklar kan dele same rom og overlappe kvarandre, så når proton og nøytron er teikna separate som drueklasar, er det også ei forenkling av verkelegheita.
Tre ulike modeller av atomer. Tegning.
Atommodellar: Bohrs atommodell, elektron i bane rundt kjernen og ein skymodell av hydrogen.

Molekylmodellar

Molekylmodeller av vann. Tegning.
Molekylmodellar av vatn: strukturformel og kule-pinne-modell.

Molekyl kan teiknast både som strukturformlar og kule-pinne-modellar. Vi bruker molekylbyggjesett til å lage kule-pinne-modellar. Dei eignar seg godt til å vise bindingar og tredimensjonal struktur. Avstanden mellom atoma i molekylet er likevel for stor i høve til verkelegheita, og du kan for eksempel ikkje byggje karbonmonoksid (CO) fordi talet på hòl og pinnar ikkje blir riktig.

Læringsressursar

Forsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    For godt til å vere sant?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Store og små tal

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Undersøkelser, måling og måleusikkerhet

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Rollespel – debatt: interessekonfliktar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Utfordring: motorsykkeldekk

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva trur du om årsaker til klimaendring?

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Debattoppgåve – vurdering av informasjon

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Måleusikkerheit – mål tida mellom to knips

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Fysiske målingar og variasjonsbredde

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff