1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. ForskarspiraChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Forskarspira

I naturfag er det viktig å kunne jobbe som ein forskar. Det er dette «Forskarspira» handlar om. Du skal lære arbeidsmetodar som gir pålitelege resultat i undersøkingane dine. Det du lærer her, får du mykje bruk for i naturfag. I tillegg får du praktisk røynsle som er nyttig i dagleglivet.

Tre gutter som studerer smådyr i prøveglass. Foto.

Forskarspira – vi jobbar som forskarar!

Når du jobbar med naturfag, kjem du til å gjere ein del forsøk. Sjølv om desse forsøka kanskje ikkje er så avanserte, får du bruk for mange av dei same metodane som røynde forskarar bruker. Desse naturvitskaplege arbeidsmetodane kjem til nytte i alle naturfagemna, så dette vil du få mykje trening i.

Du skal blant anna lære å planleggje eksperiment, skrive rapport, skilje mellom påstandar og fakta, og kunne drøfte feilkjelder.

Modellar, simuleringar og animasjonar blir mykje brukte til å forklare naturfaglege fenomen, og i dagleglivet som for eksempel i nyheitsoppslag og statistikk. Det er derfor viktig å lære seg å forstå slike framstillingar. Samtidig skal du trene på å vurdere kvaliteten på eigne og andre sine metodar, resultat og tolkingar.

Emner

Forskarspira

  • Forsking

    Naturvitskapleg arbeidsmetode handlar om å dyrke nysgjerrigheita med metodar som gjer søkinga etter ny kunnskap meir effektiv og påliteleg.

  • Forsøk og rapportskriving

    Dette emnet handlar om tryggleik og arbeidsrutinar på laboratoriet, og om korleis du kan dokumentere arbeidet ditt i ein naturvitskapleg rapport.