Hopp til innhald

  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. FilmanalyseChevronRight
  5. Den danske dikterenChevronRight
  6. Den danske dikterenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Den danske dikteren

Animasjonsfilmen Den danske dikteren (2006), regissert av Torill Kove, er ein varm film som formidlar noko allmennmenneskeleg om dei store temaa i livet: døden, kjærleiken – og kunsten. For livet er kanskje styrt av både store tilfelle, og at det finst ein samanheng i det heile?

Handlinga

Den danske diktaren Kasper Jørgensen reiser til Noreg for å møte det store litterære forbiletet sitt, Sigrid Undset. Han kjem aldri så langt, men søkjer husly på ein gard på vegen. Der forelskar han seg hovudstups i Ingeborg, jenta på garden. Men Ingeborg er lova bort til guten på nabogarden. Kasper håper ho kan la seg inspirere av Kristin Lavransdatter og velje ektemann etter sitt eige hjarte. Men Ingeborg veit korleis det går med Kristin, og vågar ikkje å gå mot løftet ho har gitt faren. Samantreff skal likevel føre dei to saman att, noko som skal få stor betydning for forteljaren i filmen.

Oscar i 2007

Den danske dikteren fekk stor merksemd då han vann Oscar for den beste animerte kortfilmen i 2007. Då Kove gav ut forteljinga i bokform etter at filmen vart gitt ut, fekk ho også gode meldingar for boka. Vanlegvis er det bøker som blir adapterte i filmformat. Kove gjekk den motsette vegen og laga ei bok som var inspirert av teikneseriane sin forteljeteknikk, som ein adaptasjon av filmen.

Om regissøren

Torill Kove (1958–) er ein norsk-kanadisk animasjonsfilmskapar, illustratør og forfattar, som sidan 1980-åra har budd og arbeidd i Canada. I tillegg til Den danske dikteren har ho laga fleire andre anerkjende animasjonsfilmar, mellom anna dei to Oscar-nominerte filmane Min bestemor strøk kongens skjorter (1999) og Moulton og meg (2014). Både i filmane og i barnebøkene skapar ho lett attkjennande skikkelsar og miljø med enkle strekar, delvis inspirerte av teikneserieestetikken.

Oppgåver

1. Korleis opnar filmen? Kva slags kjennskap får du for eksempel til forteljaren i starten? Kva for eit perspektiv på tilværet får du allereie frå byrjinga?

2. Kvifor skal Kasper, den danske diktaren, til Noreg?

3. Kva motiverer Kasper til å lese Sigrid Undset sine bøker om Kristin Lavransdatter, og kva for ein funksjon får denne forteljinga i livet hans?

4. Kva er «Skandinaviske forvirringar»? Kjenner du til fleire eksempel på slike «forvirringar» enn dei som blir viste i filmen?

5. Korleis blir dei ulike miljøa i filmen skildra, for eksempel kaiene i København og i Oslo når passasjerar går av båten, livet på garden der Ingeborg bur, og området der Kasper bur i København? Kva for moment er med, i bilete og lyd, for å skape miljøa?

6. Kvifor kjem aldri Kasper til Sigrid Undset sin heim?

7. Korleis utviklar forholdet mellom Kasper og Ingeborg seg, og kvifor kan ho ikkje gifte seg med Kasper?

8. Kva slags funksjon får trilogien om Kristin Lavransdatter for Ingeborg i valet hennar? Drøft: Seier dette noko om litteraturen sin innverknad i livet hennar – og kan det seie noko om den betydninga litteraturen har i livet til eit menneske generelt?

9. Kva for ei symbolsk handling utfører Ingeborg når ho og Kasper har skilst? Korleis tolkar du dette?

10. Kasper sørgjer veldig etter at han må gi slepp på Ingeborg, men doktor Mørk trøyster han med det som ofte er sett på som ein kunstnarmyte: at det kjem stor kunst ut av liding. Kjenner du til andre stader, i litteraturen eller i verkelegheita, der denne kunstnarmyten blir tematisert? Diskuter: Trur du ein er mest kreativ når ein lir?

11. I filmen skjer det ei rekkje samantreff. Kva for rekkje av samantreff er det som fører Kasper og Ingeborg saman att? Og kva for rekkje av samantreff er det som fører til at forteljaren i filmen kjem til?

12. Kva slags livssyn eller kva for ein bodskap tenkjer du filmen, med denne rekkja av samantreff, formidlar?

Læringsressursar

Den danske dikteren

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale