Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Skriftleg tekstskapingChevronRight
  4. Å skrive tekstanalyseChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Å skrive tekstanalyse

Når du analyserer og tolkar tekstar, ser du på innhald, oppbygnad og verkemiddelbruk, og du undersøkjer korleis forma og verkemiddelbruken er med på å skape meininga i teksten. Funna dine presenterer du så på ein ryddig og sakleg måte i form av ein artikkel (resonnerande tekst).

Ultranærbilde av et blått øye bak et forstørrelsesglass. Foto.

Analyse og tolking

Du blir til vanleg bedd om å analysere når du skal sjå nærare på ein sakprosatekst, medan du blir bedd om å tolke teksten når du skal jobbe med skjønnlitteratur. Strengt teke gjer du stort sett den same jobben i begge tilfella, men skilnaden i omgrepsbruken har si forklaring.

Ein sakprosatekst har – og bør ha – eit klart innhald og ein eintydig bodskap, medan ein litterær tekst gjerne har "hól", det vil seie ting som ikke blir sagde, antydningar og indirekte uttrykksmåtar som til dømes metaforar og andre bilete. Som lesar må du då prøve å bruke røynslene og kunnskapane dine for å tenkje deg til kva det er som ikkje blir sagt, eller berre sagt indirekte. Den skjønnlitterære teksten tillèt altså ulike tolkingar, og det er slik det skal vere. Ein sakprosatekst som tillèt mange tolkingar, ville derimot blitt sett på som ein dårleg tekst! Men same om du skriv ein analyse eller ei tolking, må du hugse på at du må prove konklusjonane dine om tekst og bodskap ved å beskrive handverket til forfattaren.

Læringsressursar

Å skrive tekstanalyse

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale