Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Skriftleg tekstskapingChevronRight
  4. Å skrive fordjupingsoppgåveChevronRight
  5. Val av informantarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Val av informantar

Det er viktig å tenkje gjennom kven de må innhente informasjon frå for å få svar på spørsmåla dykkar.

samling av personer. Illustrasjon.

Nokre viktige spørsmål

Når de skal avgjere dette, må de mellom anna vurdere:

  • Tilgjengelegheit: Kva for kjelder får de tak i?
  • Relevans: Kva for kjelder er mest relevante?
  • Autentisitet: Er kjelda ekte?
  • Truverde: Kan de ha tillit til informasjonen de får?

Representative og ikkje-representative utval

Ofte er det slik i eit forskingsopplegg at ein ikkje kan spørje alle i gruppa ein vil finne ut noko om. Særleg gjeld dette store statistiske undersøkingar der ein ønskjer å seie noko generelt om ei heil befolkning. Det å spørje for eksempel kvar einaste nordmann vil ta for lang tid og vere for dyrt. I staden spør ein da eit såkalla representativt utval, det vil seie ei gruppe som er vald ut etter bestemte prinsipp, og resultata ein da får, skal kunne seie noko om alle.

Framgangsmåten vi bruker for å komme fram til representative utval, kallar vi sannsynsutveljing. Med denne framgangsmåten kan i prinsippet kven som helst i gruppa bli vald ut. For skoleprosjekt er sannsynsutveljing som hovudregel berre aktuelt dersom de bruker statistikk som allereie finst. Vi skal likevel sjå litt nærmare på denne utveljingsmetoden fordi det er viktig å forstå kva utvalet har å seie for kva slags slutningar de kan trekkje av det empiriske materialet de samlar inn.

Ved sannynsutveljing kan ein generalisere resultata med ein spesifisert grad av sikkerheit; ein kan rekne ut ein feilmargin. I meiningsmålingar har ein gjerne eit utval på rundt 1000 personar. Da vil tala som kjem fram, ha ein feilmargin på inntil pluss eller minus tre prosentpoeng. For å få dobbelt så sikre tal må ein firedoble utvalet, noko som er både dyrt og tidkrevjande.

Ein utveljingsmåte som vil vere mindre tidkrevjande og rimelegare, er ei ikkje-sannsynsutveljing. Dersom ein vel ut informantane på denne måten, kan ein ikkje lenger vite kor store avvik frå befolkninga ein kan rekne med, slik at resultata vil vere mindre sikre og ikkje statistisk representative.

Kor stort må utvalet vere i kvantitative studiar?

Ein av grunnane til at ein vel å gjennomføre ei omfattande kvantitativ undersøking er gjerne at ein kan komme fram til kunnskap som er representativ og generaliserbar. Når ein først har laga eit spørjeskjema, er det relativt lite ekstraarbeid å få mange til å svare på dette. Men dei ferdig utfylte spørjeskjema må bearbeidast før dei kan analyserast, noko vi skal sjå på seinare.

De bør vurdere kor mange svar de har tid til å bearbeide. Som ein tommelfingerregel kan vi seie at det for kvantitative skoleprosjekt vil vere tilstrekkjeleg med utval på mellom 100 og 200 personar. Talet bør likevel vurderast i forhold til problemstillinga.

Vel smart!

Er problemstillinga å undersøkje haldningar blant elevane på skolen de går på, så kan vi seie at alle elevane på skolen utgjer populasjonen (gruppa) dere undersøkjer. Dersom skolen har femti elevar og de får alle femti til å svare på eit spørjeskjema, så har de altså ikkje gjort noko utval. Da har de spurt heile populasjonen, og datamaterialet kan brukast til å trekkje generelle slutningar om denne populasjonen, sjølv om det "berre" er femti personar de har spurt.

I ein kvantitativ elevstudie kan det altså vere lurt å ta for dykk små populasjonar der de kan undersøkje alle einingane. Slik slepp de unna problemet med å trekkje ut representative utval. Eksempel på slike små populasjonar kan vere eit klassetrinn, alle som har valt fordjuping i eit spesielt fag og så vidare.

Det er likevel viktig å vere klar over at resultata de får, ikkje kan brukast til å seie noko om alle skoleelevane i Noreg. Det kan jo godt tenkjast at fenomenet de undersøkjer, varierer geografisk eller mellom enkeltskolar.

Kor stort må utvalet vere i kvalitative studiar?

I kvalitative undersøkingar har vi ikkje representative utval eller mange nok informantar til å kunne trekkje generelle slutningar. Her må forskaren grunngi val av tid, stad og personar, og det er problemstillinga som bør avgjere kor stor informantgruppe ein bruker. I tillegg må ein ta omsyn til kor mange det er som kan hjelpe til med å hente inn informasjon, og kor mykje tid ein kan bruke.

Enkelte gonger kan resultat frå kvalitative undersøkingar gjelde i ein større samanheng, for eksempel når forskinga handlar om meir grunnleggjande livserfaringar og oppfatningar hos informantane. Sidan vi alle er ein del av ein større felles kultur, kan funna av og til seie noko generelt om denne kulturen.

I eit skoleprosjekt er det likevel viktigast at de alltid er nøye på at de berre trekkjer konklusjonar som det er belegg for i empirien (datagrunnlaget).

Viktige omgrep

  • kvantitativ – som gjeld mengd, tal
  • kvalitativ – som gjeld kvalitet, fordjuping
  • populasjon – definert gruppe som blir undersøkt
  • informant – person som vi innhentar informasjon hos
  • fenomen – noko som finst, eller noko som hender

Læringsressursar

Å skrive fordjupingsoppgåve